Sjeldan vare med kebabrestaurant i retning Oslo Vest, så det var duka for nye og spanande opplevingar på Solli!
MO: Eg er klar til litt ymse forrettar på deling, om nokon vil bli med på det?
Det ville dei, og vi gjekk for fritert fetaost, hummus og fries med chorizo krønsj på deling.
MO: Fetaosten var veldig god, men - eg er glad vi delte. Perfekt med fire bitar til fire personar!
BM: Ja, dette er godt men det er sånn man blir kvalm av om man spiser for mye. Veldig god chips, da. Jeg tar litt her som er uten sånn chorizo på, jeg.
MO: Eg har drøymt om hummus i fleire veker, så dette passa midt i blinken.
SJ: Veldig godt! Men, er det ikke hvitløk i hummusen? Den virka litt mildere enn vanlig, kanskje?
Hovudrettane dukka opp, SJ hadde babb med tunfisk, MO med kylling marinert i harissa, SD tok med svinenakke og BM gjekk for ein salat med grilla jordskokk. MO måtte som vanleg smake litt her og der, og kunne konstantere at sausen på salaten var utruleg god og ganske krutsterk.
SD: Nå kjente jeg at jeg angra på at jeg ikke tok tunfisk! Den var utrolig god og så veldig fresh ut.
MO: Det gjorde den. Men, svinenakken trur eg at var min favoritt faktisk. Korleis et vi dette, då?
SJ: Jeg går for kniv og gaffel, tror jeg.
MO: Eg går for ein klassisk rullebabbvariant. Var veldig godt brød!
Alle var godt nøgde med maten, det var gode smakar og vi vart mette - prisen er naturleg hakket over ei vanleg kebabsjappe, men dette er også ei heilt anna oppleving.
Karakter: M
Heilt klart av dei beste variantar kebab vi har vore innom, kanskje litt uvant men det er ikkje ei ulempe. Litt treig service, så det er om å gjere å tilkalle merksemd, men elles innafor.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024