Vinteren nekta å gi slipp, men fusgur traska seg ut i kulda for å vitje det som etter sigande er Oslos einaste polske restaurant - UMamy.
MO: Eg veit eigentleg ikkje så mykje om polsk mat, spanande. Trur nok det blir ein schnitzel, føler at det er ting dei har greie på. Ikkje slike snitzlar ein kjøper i frysedisken på Rema, liksom.
SJ: Nei, med riktigt kjøtt må det være.
AH: Trur faktisk eg og må prøve meg på det. Er svolten!
Etter ein del om og men, valde vi å gå for ein porsjon ruskies- dampa piroger - på deling som ein slags forrett. Med 10 stk. i porsjonen, passa det bra at vi var fem rundt bordet som då kunne gomle i seg 2 ruskies per person. Med kom kvarg til å dyppe i.
SJ: Aaaa, de smelter jo i munnen.
BM: Var kanskje ikke så veldig smakfulle, men de var jo helt greie.
MO: Ikkje heilt det eg såg for meg, er ikkje så veldig glad i dampa deig.
SD: De var helt ok, passet bra å dele som forrett.
Meny på nett stemte ikkje heilt overeins med meny vi fekk ved bordet, som igjen ikkje var heilt oppdatert. Men, AH, SD og MO gjekk for schnitzel med kål og potet, SJ prøvde seg på surkål med polsk pølse og BM gjekk for ein slags rødbeter innbakt i det han beskreiv som krysning mellom salat og kål. Vi er litt usikker på kva det var, men det smakte godt og porsjonen var stor.
SJ: Det var godt, veldig mye smak i denne. Men det blir rett og slett litt for mye til slutt. Mektig.
MO: Schnitzelen var heilt ok, men litt salt og pepar måtte til.
AH: Det var nok mat, men kunne hatt litt meir smak.
Til dessert gjekk SJ og MO inn for å dele eplepai med karamell og vaniljeis, medan AH satsa på sjokoladefondant. Eplepaien smakte som - vel, eplepai med vaniljeis og karamell. Sjokoladefondanten var etter sigande ein av dei beste sjokoladefondantane nokon sinne servert, og det er jo eit lovord av dei sjeldne!
SD: Tror vi kan vel være enige om at forretten var det beste ved maten?
AH: Heilt klart. Men, desserten var heilt strålande. Mektig og godt!
MO: Dei skal jo ha god peil på piroger og slikt, så det er vel innafor. Kva er skilnaden på det, eigentleg?
MO bestilte med seg piroger heim, som synte seg å vere det same som ruskies - men i ettertid har vi lært at piroger kan både dampast, friterast eller bakast i ovn. Det heiter det same uansett.
Karakter: G
Maten var heilt grei, porsjonane rause - vi veit ikkje om dette er bra til å vere polsk standard eller ikkje, det blir nok uansett ikkje ein stad vi drar tilbake til. Heilt greit, der altså. Kanskje ein stad for polakkar med heimlengsel?
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024