Fusgur logo

Plah Ahaan

Februar 2019

Plah Ahaan

Beliggenhet:   Sentrum
Kategori: Asiatisk
Mat: 5.005.005.005.005.00
Service: 3.003.003.003.003.00
Miljø: 4.004.004.004.004.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Plah har vore tilstade i årevis, men nyaste tilskotet er då ein gatemat-variant som har fått namnet Plah Ahaan. Litt rimeligare enn storebroren vegg i vegg, overkommeleg for svoltne fusgurar! MO og SJ var tidleg ute, og sidan det ikkje opna før 5, vart dei sitande ute og vente på å få kome inn. Greit at det ikkje lenger var 12 minus og dårleg vér ute! Eit par minutter før, forbarma ein servitør seg over oss og slapp oss inn i varmen.

Til å begynne med hadde vi ikkje menyar, men dei kom etter kvart. Riktignok berre 2 menyar trass eit følge på 3, men servitøren var flink til å takle situasjonen så det vart fort tilgjeve.

MO: Ok, er dette forrettar og hovudrettar eller er alt delerettar i ulik storleik?
SJ: Jeg aner ikke.. hvor står det at det er deleretter??
MO: Såg det på nettsida, noko om deling.
AH: Det var lite informasjon her, eg saknar ein presentasjon frå servitøren om kor store rettane er og kva opplegget eigentleg er?

Slik vi då forstod etter kvart, var alt lagt opp til deling - passa dårleg for retten med 2 steambuns, men det får vel så vere.

Vi fekk bestilt kyllingskinn med chilisaus som snacks, steambuns, dampa torsk med chili, paneng curry og biffsalat. I tillegg tok vi ein porsjon sticky rice og ein roti, som er ein slags thailandsk brød.

Kyllingskinnet kom først, med ei lite flaske chilisaus til.

MO: Smakar... salt kyllingskinn. Godt nok, måtte jo prøve.
SJ: Litt sånn mellomting mellom potetgull og kylling?

Så kom biffsalaten på bordet.
AH: Ok, så det kjem berre ein rett om gongen? Det var jo litt dumt, kanskje?
MO: Eg ville tru det kom fleire, men vi set berre i gong - eg er svolten!
SJ: Oj, det var sterkt. Men godt!
AH: Veldig gode smakar, men litt sterkt. Trur ikkje eg hadde klart ein heil sånn porsjon åleine, så bra vi delte.

Etter kvart kom resten på bordet. Torsken var dampa under eit lag med det han kalla trolldeig, som han anbefalte å ta bort før vi åt. Sjølve fisken var perfekt dampa, men litt tam på smak - spesielt sidan vi hadde hatt ein krutsterk salat først. Chilisausen til var syrleg og god, og passa bra inn.

AH og SJ hadde bestilt steam buns, som kom parvis. MO fekk ein smak og konstanterte at den var god, men har smakt betre.
AH: Ja, føler vel det kunne vore litt meir fyll i den? Var det litt lite kjøt?
SJ: Det har du rett i. Det kunne lett vært mer her. Ble litt tamt, kanskje.
AH: Dei vi fekk på Kamai var hakket betre og meir saftigare, rett og slett.
MO: Seier meg samd i det.

Vi fortsatte med curry og fisk.

AH: Kva ER paneng curry, eigentleg?
MO: Anar ikkje. Veit jo at eg kjøper raud eller grøn karripasta om eg skal lage heime, men kan ikkje seie eg har sett paneng anna enn på menyen til asiatiske restauranter. Den var utruleg god, i alle fall. Kunne ete to heile slike og vore nøgd.
SJ: Nydelig! Kremete og god.
AH: Den var veldig god på smak, er det peanøtter som er der?
MO: Vi må få ete opp risen, i alle fall, det var ikkje mykje per porsjon men det held vel.
SJ: Veldig søt risboks, da!


Vi spurte etter dessertmenyen, men det skulle ta si tid før den kom på bordet. Ventetid er ikkje noko vi set pris på, spesielt ikkje å vente på ting som er såpass enkelt å få til.

Dessertvalet havna på ein sesamkjeks med kokossorbet på AH, medan MO og SJ delte ein karamellisert roti-pannekake med banan og vaniljeis.

MO: Det var ein stor dessert! Og utruleg god!
SJ: Ja, den var virkelig god - bra vi delte. Hvor var det vi bestilte sesamkjeks med kokossorbet sist? Det var for mye sesamkjeks, i alle fall...
Alle fekk smake AHs dessert, som synte seg å vere fleire hakk betre enn forrige versjon vi prøvde. Og lekker i utforming, ikkje minst.
AH: Den var god og frisk, passe storleik. Var kanskje litt små porsjonar på maten her, så er ikkje stappmett akkurat.
MO: Nei, vi kunne nok lett ha delt ein rett eller to til, kjenner eg.

Karakter: M
Veldig gode smakar, hyggjeleg lokale og servitørar. Litt for trongt mellom borda, og altfor lang ventetid på å få meny eller merksemd generelt, og det skortar ein del på forklaring av menyen. Vi saknar å få vite litt om kor mange porsjonar ein treng av diverse for å bli mett, og slippe å måtte gjette oss til slikt. Alt i alt absolutt verdt eit besøk, vi kjem gjerne attende!



Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no