Fusgur logo

Tavernan

November 2018

Tavernan

Beliggenhet:   Youngstorget
Kategori:
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 3.003.003.003.003.00
Miljø: 4.004.004.004.004.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Midt i kalde november tok DHK turen til Youngstorget, og eit besøk på Tavernan (som de insisterer på å kalle det...) for å teste mattilbodet. SJ: Vi var her i sommer med jobben, men da fikk vi aldri testa maten for vi kom rett fra middag - derfor måtte jeg bare velge dette stedet, det virka så utrolig koselig!
MO: Heilt innafor, det, dei har mykje godt på menyen - eg er klar til testing!
AH: Eg er eigentlig ikkje så svolten, kanskje det held med ei fiskesuppe? Litt dumt å kaste bort store porsjonar når matlysta ikkje er på topp, kanskje.
SD: Pappardelle så godt ut, det får bli det.

Vi fekk bestilt, og etter høveleg med tid - innan ein halvtime - kom det bakt tørrfisk til MO, steikt lange til SJ, pappardelle med oksehale til SD og fiskesuppe til AH.

AH: Å, det er i alle fall skikkelege fiskebitar i, det er verkeleg ikkje alltid det er. Pluss i boka.
SJ: Så godt med polenta! Vil du smake? Den er skikkelig kremete og god, og fisken var veldig god også.
MO: Tørrfisken var heilt ok, eg trudde kanskje den skulle vere meir spanande..? Men, absolutt ein god rett.
SD: Pappardellen var litt ustabil, kanskje, noe er veldig mørt og noe er litt seigere.

Vi bestemte oss for litt dessert. MO og SD delte ein butterscotch budino, og AH og SJ gjekk for trøflar.
MO: Eg synest det er veldig bra at ein får kjøpt små, søte avslutningar på måltidet. Det er heilt perfekt! Som regel vil ein berre ha eit par munnfullar.
SJ: Ja, man trenger ikke mer, jeg er veldig fornøyd.
MO: Glad vi DELTE denne desserten, den var i overkant søt og mektig for min del.
SD: Den var litt ubestemmelig, kanskje? Veldig søtt.
Butterscotch budino viser seg å vere ein slags hybrid mellom pudding og mousse, og med karamell på toppen i tillegg, vart det nær overdose søtt. Perfekt delerett.

Karakter: G+
Lokalet er koseleg nok, men dei kunne gjort ein betre innsats på akustikken. Ikkje alltid like enkelt å høyre kva dei på andre sida av bordet seier. Det gjekk også litt lang tid før desserten kom på bordet, og sjølv om vi ba om rekninga så måtte vi reise oss og ta på ytterklede før det vart reaksjon for å kreve inn pengane. Maten var god, ikkje heilt i mål på alle rettane, og det kan også vere at dei er veldig gode på såkalla skorper, som dei kallar dei pizzaliknande rettane sine. Vi kan godt kome attende for å prøve desse også, bra plassering og hyggjelege omgjevnadar.

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no