Fusgur logo

Ben Reddik

Oktober 2018

Ben Reddik (nedlagt)

Beliggenhet:   Løkka
Kategori: Libanesisk
Mat: 5.005.005.005.005.00
Service: 4.004.004.004.004.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Med høge forventningar og bordreservasjon i orden denne gong, la den harde kjerne kursen mot relativt nye, og særs poppis, Ben Reddik nederst på Løkka. MO: No gler eg meg! Mykje god mat på menyen her, har høyrd gode ting om fleire av dippane som eg må prøve! Skal vi berre køyre dele-prinsippet?
AH: Vi skal ikkje berre gå for stor meze? Då får vi vel smake på det meste?
SJ: Syns det var ganske dyrt med nesten 400 per person for det, egentlig.
MO: Ja vi får ganske mange rettar til 1600 kr, føler eg.
SD: Jeg overlater matvalgene til dere, er med på alt.

Vi bestemte oss for å kjøpe dobbelt opp av køfte og brød, og så kjøpe nesten alle meze som var å finne på menyen. Spurte servitøren kor mange falaflar det var per porsjon, og ho sa ho uansett kunne fikse det slik at vi fekk 4 stk. Diverre var dei tom for pølse, og litt skuffa var vi.

På bordet kom det brød, hoummos, paprika- og valnøttdipp, ferskostdipp, rødbete- og youghurtdipp, falafel, grilla graskar, fritert feta med honning og køfte.

MO: Den paprikadippen trur eg kan vere favoritten min hittil. Den var utruleg god!
SD: Vel... den var bittelitt for sterk for meg...
SJ: Jeg klager ikke på noe som helst her, det var god mat.
AH: Den ferskostdippen var betre enn venta, det må eg seie. Er generelt ikkje fan av sånt, men denne gjekk bra.
MO: God mat. Usikker på om den er eksepsjonell god, kan vere at beliggenheita også er ein av grunnane til at det er så fullt her?
SD: Kan godt være. Det var for så vidt ikke så populært her for forrige restaurant.
MO: Libanesisk er kanskje det som gjeld for tida?
SD: Følte vel ikke at det er ren libanesisk, de har litt andre innslag - som den pølsa, liksom.
AH: Godt var det i alle fall.

Til dessert delte MO og SJ hasselnøttsandwich med knekk av sesam og honning, og SD og AH gjekk for sorbet av tørka plommer og blåbær.
AH: Det var kraftig smak. Er det svisker eller noko sånt?
SD: Det står tørka plommer, men - er det ikke det tørkede plommer faktisk er...?
SJ: Den sesamknekken var litt dominerende for min smak. Hasselnøttis er en av favorittene, da.
MO: Ja, eg et dei kvar for seg. Det var godt, men knekken tok liksom litt over.

Vi enda opp med ei rekning på rett over tusenlappen, og det var inkludert eit par drikker og dessert, så ein skal nok vere ganske så svolten for at kombomenyen skal løne seg.

Karakter: M
Litt merkeleg lys i lokalet, og litt valdsamt lydnivå. Dei har ein jobb å gjere med å få dempa akustikken, men servitøren var merksam og vi fekk god mat utan å måtte vente for lenge. Absolutt verdt ein tur!

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no