I eit håp om plass på Ben Reddik for nokre få romper ein tysdag ettermiddag, dro vi til Løkka og førebudde oss på god, libanesisk mat. Men den gong ei... dei tok ikkje ein gong drop-ins, og vi vart sendt ut att i haustkulda.
Heldigvis har Løkka fleire godbitar å bu på, og løysninga vart ein tur på Kamai Café!
MO: Her tek dei ikkje bordbestillingar i det heile teke. Bra det er plass!
AH: Eg er ikkje så fan av sushi, men dei har jo litt anna på menyen.
MO: Det er ganske solide storleikar sjølv på smårettane, eg har jo lyst på alt... Kanskje vi kan dele litt?
I vente på sistekvinne, BM, fekk vi bestilt Chili Chicken og Five Fingers.
AH: Synest ofte sånne friterte, innbakte reker kan vere så som så med mykje røre rundt - men desse var utruleg gode!
MO: Det var dei verkeleg. Heilt strålande!
Vi fekk bestilt kveitefries med black bean dip og vegetar bao til BM, som var rett rundt hjørnet.
AH: Chili chicken var også gode smakar, og stor porsjon. Men, eg trur eg må ha ein bao med pulled pork også.
MO: Og eg tek ein sashimi!
BM kom endeleg inn døra, og var fornøgd med at maten stod klar.
AH: Litt for tjukke skiver laks for min del, eg foretrekker dei syltynne. Men baoen var veldig god!
MO: Eg også. Dei var gode, men eg lagar lett betre sjølv. Og mannen min lagar ein kvassare ponzusaus. Men, det er god mat og eg er godt nøgd!
MO sneik seg sjølvsagt til ein liten bit av baoen, og den var heilt klart godkjend.
BM: Litt lite utvalg på vegetarfronten, men det er greit - det er gode chips og dip, og vegetarbaoen - den kunne nok vært hakket freshere, det er asparges liksom. Ikke mer, ikke mindre.
Karakter: M-
Om ein ikkje synest sushi er topp, så er det litt begrensa utval men det som er der, smakar godt. Her har vi vore før, og hit kjem vi nok tilbake. Hyggjeleg servitørar, men dei gløymde av å gi oss rekninga så det måtte vi reise oss opp for å sette i gong prosessen på.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024