Fusgur logo

Apsorn Thai

August 2018

Apsorn Thai

Beliggenhet:   Torshov
Kategori: Thai
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 4.004.004.004.004.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
I høve ein særs god deal, og AHs første val som nyoppteke, fullverdig medlem, tok vi turen til Apsorn Thai på Torshov. Denne restauranten ligg i kjellaren på Soria Moria, og er ein koseleg, liten restaurant. MO: 189 for 3 valfrie rettar er slett ikkje ille! Eg har lyst på ALT her - vonar det er god mat. Føler det er ein for god deal til å vere bra...
(SJ har nå blitt norskifisert, og snakkar ikkje lenger fullsvensk. Eller fullnorsk. Så for at det skal bli enklare framover, blir ho no tildelt bokmål som språk)
SJ: Jeg vet ikke hva jeg skal ha til forrett heller.. sånne ferske vårruller er jo godt!
AH: Det var mykje som såg godt ut her, men må eg velge alle rettar med ein gong?

Det måtte vi ikkje. Så val av dessert utsette vi til seinare.

Etter kvart kom alle seg på plass rundt bordet, og forrettane bestod av Tom Yum til SD og AH, Tom Kha Gai til SJ og Moosatay til MO.

MO: Det var ein god sataysaus! Nam! Og stor porsjon!
AH: Med litt ris til, hadde du jo nesten hatt ein hovudrett der.
SD: Veldig raus porsjon! Jeg kjenner jeg er glad han spurte om mild versjon av suppa, føler den var sterk nok.
SJ: Den her er ikke sterk i det hele tatt, så jeg er litt skuffa. God på smak, da. Men, det er jo skjell her også? Det stod ikke noe om i beskrivelsen?
AH: Min versjon var jo sterk, og eg kjenner det godt. Men, ikkje FOR sterk.

MO var som alltid ute med lanken og hanka inn smaksprøver frå alle, og konstanterte særs gode smakar. Det var også veldig delikat servert, eit pluss i boka der.

Hovudrettane kom etter kvart, diverre synte det seg at glassnudelsalaten til SJ ikkje gjekk an å få tak i, då nabobordet hadde ete dei tom for glassnudlar! SJ fekk i staden ein annan rett, men fekk byte ut ris mot nudlar.

MO fekk lammekjøt med chili- og basilikumsaus, SD grilla steinbit i grøn karrisaus, AH kylling med cashewnøtter og SJ for raud karri med kamskjel og andre skaldyr med nudlar som tilbehør.

SD: Ojsann. Denne var sterk... det er på kanten av hva jeg kan spise, altså. Den er sterkere enn suppa.
MO: Det kjenner eg! For min del er den midt i blinken, men forstår at du er litt meir skeptisk.
SJ: Vil du ha et skjell?
MO: Nei takk. Eg et knapt blåskjel, og grønne skjel står eg lett over. Og har meir enn nok mat sjøl, dette var seriøst rause porsjonar!
AH: Valdsamt til støy frå nabobordet. Det var ikkje optimal støydemping her, i alle fall.
SD: Mye mur og stein, så da blir det vel lett sånn?
MO: Vanskeleg å høyre dåkke av og til, og vi sit jo ikkje akkurat langt frå kvarandre.

Alle vart gode og mette, men siste rett måtte jo bestillast.
Det vart mangopudding og mango- og kokossorbet, 2 av kvar.

SJ: Litt merkelig smak på kokossorbeten, men den var god for så vidt. Veldig fin, da. Og mango-sorbeten var utrolig god!
AH: Ja, kan den vere frå Kulinaris?
SJ: Lurer på om den kan være hjemmelaga, kanskje? Tror du de lager den selv?
AH: Utrolig godt, i alle fall.
SD: Puddingen - vel. Jeg spiser den nok ikke opp...
MO: Nei den var god på smak, men litt rar konsistens? Kjennes ut som de kan ha brukt kokosfett eller noe i den - ikke pudding som jeg kjenner den.
AH: Og eg er glad ein del folk frå nabobordet har gått. Vart brått stillare i lokalet!

Desserten vart ikkje oppete, men det var heilt greit - alle var såpass mette allereie.

Karakter: M
Utan forventningar så overraska Apsorn positivt, og gav oss god mat som var anretta veldig delikat. No var det ein særs god pris vi hadde fått, normalt sett ligg prisane i øvre sjiktet av det ein er van med frå asiatiske restaurantar. Men, det er absolutt god mat og vi kan lett kome hit og ta ein hovudrett til full pris!

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no