Ein av dei særs varme dagane i mai, var ein slunken gjeng med fusgurar på veg for å teste den mykje godt omtala Freddy Fuego. I høve sommarveret, gjekk vi for avdelinga på Tjuvholmen heller enn den i Hausmannsgate.
MO: Trur eg gjerne sit i skuggen, altså...
SD: Helt klart!
Freddy byr på burritos med val av fyll og salsa, så då gjekk SD for svin og MO for kylling. Begge valde salsa verde, og også guacamole som tillegg. Det gjekk i ei rasande fart, så sat vi båe to ute på benkane med ein innpakka burrito i handa.
SD: Det var jo godt, men kanskje ikke den store WOW-opplevelsen jeg hadde forespeila meg.
MO: Heilt innafor, men det er jo det. Ikkje akkurat ein stad om ein vil sette seg ned og kose seg, dette er heilt klart eit stad ein lett tek med seg vomfyll. Men, mykje mat for pengane slik sett, då.
SD: Har flere venner som har snakket veldig varmt om Freddy Fuego, for så vidt i Hausmannsgate men det kan vel ikke være så stor forskjell? Mett blir jeg. Helt klart.
MO: VELDIG mett. Men, det er jo sol og sommar - vi må vel rundt hjørnet og finne oss ein is til dessert?
SD: Det må vi helt klart! Dette må være det mest effektive fusgur-møtet i fusgursk historie.
MO: Definitivt!
Rett rundt hjørnet, fann vi Paradis, som kan by på overprisa men god kuleis. Og isen sklei faktisk ned mellom burritoen og fann seg godt til rette.
Karakter: G
Dette er ein plass for å få mat når man er svolten, ikkje for dei store matopplevingane. Ikkje noko vondt å seie på smak av noko som helst, og mett blir ein - det er nok det. Blir ikkje utfluktar til Freddy på privaten med det første, men innafor om du er supersvolten og vil ha rask mat som dankar ut McDonalds frå første sekund!
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024