Fusgur logo

Retro (nedlagt)

April 2018

Retro (nedlagt)

Beliggenhet:   Løkka
Kategori: Alt mogleg
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 3.003.003.003.003.00
Miljø: 4.004.004.004.004.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Vi skulle i utgongspunktet til Way down south på Løkka, men er ein ikkje fleire enn 6, kan ein ikkje booke bord. Sjølv om det då var bord ledige då dei første to kom, fekk vi ikkje halde av til resten av gjengen. Vi vandra difor kvilelaust omkring for å finne eit alternativ innan resterande dukka opp. Og, vi havna på Retro nede ved Olaf Ryes plass, ein stad ingen av oss hadde vore på eller høyrt om. MO: Ok, ikkje ei einaste forventning, så - vi prøver!
SD: Hva slags restaurant er det egentlig...? De har liksom alt fra ramen til tapas og ostesmørbrød..?
MO: Vel, det er ein god miks, det teiknar sjeldan godt.
IV: Eg går nok for dei to mini-burgerane.
SJ: Jag vill prova fisketacos og rotchips!
SD: Jeg prøver meg faktisk på tapasplanken.
MO: Ja... eg vil ha fleire ting, men det ostesmørbrødet verka jo spanande.

Vi prøvde fleire gongar å finne ut kva vekas rett var, men det synte seg at korkje servitør eller kjøken kunne opplyse om. Dei hadde ikkje bestemt seg enno! Kombinert med det faktum at dei ikkje var klare til opning kl 17, sjølv om dei eigentleg har ope frå 15 - vel, det var ikkje berre gode vibbar ute på tur...

Det tok ei stund før maten kom på bordet, men det skulle syne seg å vere rause porsjonar.

SD: Er dette til EN person??? Dette MÅ jo være for at flere skal dele?
Det var ein svær tapasplanke. Ein heil geitost, mykje skinke, noko som nok var ei heil chorizopølse var blant rettane.
MO: Dette ostesmørbrødet var.... svært! Hahahaha ostesmørbrød surra inn i bacon og fritert, eg kjenner blodårane tettast til her og no, faktisk.
SJ: Fisketacos var gott! Chipsen var kald, men goda.
IV: Burgerene var mektige nok, de.

Maten var overraskande god, sjølv om tapasplanken ikkje baud på overraskingar, så er den avhengig av gode råvarer for å vere god - og det var den.
Ostesmørbrødet var av den seriøse sorten, og MO klarte heller ikkje ete opp.

Då servitøren spurte om nokon ville ha dessert, var det rett og slett ikkje nokon som hadde plass att i buken. Vi var alle mette og nøgde, og positivt overraska til ein stad ikkje nokon av oss ante noko om på førehand. Slike overraskingar likar vi, og kan lett gå tilbake. Her får ein nok mat til svoltne mannfolk også, om nokon er redde for små porsjonar. Vi testa også eit par drinkar, og kan stå inne for god kvalitet også på desse!

Karakter: M
Dei har mykje rart på menyen, som ikkje heng saman eigentleg. Vi kan ikkje snakke for dei andre tinga, men det vi prøvde, var absolutt av god sort. Eit artig lokale, med speleskjerm for dei som er ivrig på speling, så her legg dei nok opp til litt meir enn berre restaurantdrift. Koseleg stad med rause porsjonar av god kvalitet - vi vonar dette blir ein verande stad!

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no