Beistet frå Aust hadde slått rot i Oslo denne veka, men ein hardbarka fusgurar let ikkje sånt stoppe seg! Mat må ein ha, uansett kor kaldt det er.
MO: Ok, det biletet på veggen var noko forstyrrande men... vonar maten er bra! Det er mykje på menyen som freistar.
SJ: Vill någon kanske dela svinribban...?
MO: Eg deler kva det skulle vere. Det er mykje her eg vil smake!
Servitøren var på plass og tok i mot alle bestillingar, utan å notere ned noko. Vi gjekk for fleire retter og litt dele-prinsipp, noko vart delt og noko vart meir som hovudrettar. Etter ei stund kom det mat på bordet, og det var skrei bakt i bananblad, quinoa-salat, potet med rocoto chili, ceviche av villkveite, vårrullar med lammeragu, steambuns med svineribbe, confitert svineribbe med søtpotetmos. Kimchi popcorn dukka aldri opp, men vi purra heller ikkje på dette. Kanskje det burde noterast ned bestillingar likevel?
AH: Desse vårrullane med lam var veldig gode på smak! Viss dåkke likar lam, då.
MO: Veldig godt - kraftig og god smak. Denne steambunen var også veldig god.
AH: Ikkje så fan av sjølve bolla, men innhaldet var godt.
BM: Aaaa dette var så godt! Utrolig god fisk, altså. Perfekt! Nå koser jeg meg, altså.
BM delte ut smaksprøver av fisken, og den flaka seg perfekt - veldig godt.
SJ: Mycket god mat, veldig goda smakar.
MO: Den svineribba var litt skuffande.
AH: Litt smaklaus, på ein måte?
MO: Kan vere av di den andre maten her er så kraftig på smak, og også godt krydra, at den tek styringa?
AH: Det kan godt vere, er litt sterk mat og ribba skulle vi kanskje ete først.
Til dessert gjekk BM for alfajores, kjeks med fyll, medan dei andre valde sjokoladebomba med sjokoladejord og limekrem.
MO: Det var utruleg godt!
BM: Kjeksene var liksom som tyske skiver, litt smakløse, men fyllet var godt.
AH: Veldig god dessert!
SJ: Angrar lite på at jag delade äfterrätten... tror jag kunde klarat av hela!
MO: Ganske sikker på eg skulle klart det sjøl.
Karakter: M
Sjøl om ikkje all mat kom på bordet, fekk vi meir enn nok. Smakane er gode og mangfoldige, dette er ein stad vi lett kjem attende til og kan anbefale! Litt for fancy lamper, vi måtte få skrudd ut lyspærene for å ikkje bli blenda. Kanskje vi berre er ekstra vanskelege gjester, men denne gongen var vi i alle fall nøgde med maten!
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024