Fusgur logo

Ba ga by Monsun

Januar 2018

Ba ga

Beliggenhet:   Løkka
Kategori: Asiatiske burgere
Mat: 2.002.002.002.002.00
Service: 3.003.003.003.003.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 2.002.002.002.002.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Seint i kalde januar, våga vi oss ut på glattisen på Løkka, for å prøve ut bao burgere - asiatisk stil. Etter å ha prøvd diverse liknande på Kamai på privaten, såg vi fram til å utforske dette fenomenet ytterligare. IV: Ok. Er det feil å seie at det er for høg musikk? Er eg berre for gamal?
MO: Det ER for høg musikk. Og plagsam..
SD: Det er nok ikke stedet for romantiske deiter, kanskje mer for take away?

Her må ein bestille ved disken, som er greit nok når ein er på slike stader. Vatn må ein forsyne seg sjølv med, og det kjem med høgtrykk frå kranen... ver forsiktig!

IV begynte med ein fortune cookie, og betalte 5 kr for eit elendig "råd."

MO: Eg kan skrive ut lappar til deg med gode råd på, du skal få ein god pris!

SD og MO våga seg på pommes frites med crispy duck, medan IV gjekk for calamaris.
På bordet kom også svarte eingongshanskar, og serviettar.
SD: Er det virkelig så grisete mat at vi må ha hansker..?
MO: Anar meg at det berre er ein gimmick, men kven veit - vi prøvar.

Vi drog på oss hanskane og sette i gong.
MO: Mmmm, det var veldig godt!
SD: Det var ikke mye and, men den som var her, var veldig god!
IV: Litt usikker på blekkspruten, det ligg jo blekk her også... er det bra??
MO: Ser du fekk ein heil liten blekksprut der på kjøpet.
IV: Berre å smake.
MO: Står over. Blekksprut er ikkje mi greie - har prøvd, går berre ikkje!

Så kom det baos på bordet (baoar?) - MO med A la Saigon med svinekjøt, SD med scampi og IV med veganversjonen - tofu.

MO: Den var veldig høg, eg klarar ikkje bite over heile her... men, den var god på smak. Berre - ikkje gjennomsteikt...
SD: Det er ganske vesentlig når det er snakk om svinekjøtt?
MO: Ja. Eg et meg berre rundt, den var liksom litt lunken også.
SD: Scampien smakte INGENTING. Og, den var heller ikke veldig varm. Skuffa.
IV: Dette klarar eg ikkje ete. Vel, eg prøvde. Denne tofuen er berre ikkje god! Og kald er den også.

Karakter: G-
Diverre var forretten det beste vi fekk servert denne kvelden, elles hadde karakteren vore lågare! Smakane på tilbehøret var gode nok, men resten heldt ikkje mål. Og, har du først vore på Kamai og prøvd maten der (kafeen) så nyttar det diverre ikkje å ta turen hit. Kald og smaklaust for vår del, kan vere at kokken hadde ein dårleg dag og kanskje vi burde sagt frå, men det vart no ikkje slik. Høg og slitsam musikk, litt kaldt lokale - vi kjem nok ikkje tilbake. Desserten vart innteke på Nighthawk, då det ikkje var spor av søtt å spore på menyen på Ba Ga.


Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no