Fusgur fann vegen til Barcode, nærmare bestemt Vesper Gastrobar, ein kjøleg tysdag i slutten av november. Publiv kombinert med gastronomiske opplevingar venta på oss i denne forhaldsvis nye delen av byen!
MO: Bussen stoppa jo rett utanfor, tok berre 6 min frå Helsfyr - heilt strålande! Spesielt med holkeføre, som i dag.. greit å unngå for mykje trasking sjølv om eg brått vart tidleg ute.
IV: Det kan eg skrive under på - i dag gjekk eg i bakken så det susa på veg til jobb, så eg er ganske forslått..
SD: Kommer han bort hit og tar bestilling, eller må vi bort dit?
MO: Han kom hit med ei øl til meg, men eg anar eigentleg ikkje.
Det tok litt tid å få tak i servitøren, mogleg grunna kun ein mann på jobb - det såg ut som han jobba som bartender, barista og servitør samstundes og vi kunne ikkje sjå at det var forsterkningar nokon stad.
Vi fekk endeleg bestilt, og svoltne som vi var samt god pris for kalaset, gjekk SD og MO for "Århundrets tretters", som bestod av ein liten tapastallerken til forrett, burger med pommes frites til hovudrett og val mellom rockslide brownie og mango/pasjonsfrukt-smoothie til dessert.
MO: Enkelt. Er ein i tvil, gå for sjokolade. Ein brownie til meg!
SD: Hm. Jeg tror faktisk jeg går for en smoothie.. jupp.
IV våga seg på ein tallerken med ulike tapasrettar, og la frå seg ideen om å bestille pommes ved sidan av inntil seinare.
Det varte og rakk før maten kom på bordet.
MO: Er det kanskje servitøren som lagar maten også? For då kan eg forstå det tek tid!
Etter kvart kom det mat på bordet, og det i rikelege porsjonar. Etter forretten, var både SD og MO begynt å bli mette.
MO: Fancy med brød i hjarteformasjon, men aioilien var ikkje heilt på topp.
SD: Nei, altfor mye eddik i den. Men manchegoen og skinken var god, det er jo for så vidt enkelt når man kan få tak i gode råvarer.
IV venta enno på sin mat, og fekk olivenar frå MO for å stogge verste svolten.
Burgerane kom på bordet, i følge med eit lass pommes frites! IV fekk overta mesteparten av pommesen, då MO allereie var på bristepunktet og måtte forlate både eit burgerbrød og litt av burgeren att på tallerken.
MO: I ettertid innser at eg at det kanskje var i overkant med 3 rettar....! Men, eg likar denne typen pommes, litt meir mat i dei enn desse tynne variantane.
SD: Det ante meg rett etter bestilling at det kunne bli litt mye, men sånn er det når magen er sulten og tar over styringa!
MO: Burgeren var også veldig kjøttete, uventa men på ein positiv måte! Eg hadde venta ei karbonade eller noko sånt.
IV: Eg blir i alle fall mett. Er det nokon som vil ha nokre kjøtbollar, kanskje?
Etter kvart kom også desserten, og uventa angra MO på valet.
SD: Denne var veldig frisk og god, perfekt etter et sånt måltid. Vil dere smake?
MO: Ach, den var veldig god! Eg skulle nok gått for den, denne brownien var i overkant mektig og faktisk litt for salt, synest eg.
IV: Det var i alle fall meir enn nok mat.
MO: Her kan ein trygt ta med svoltne mannfolk!
SD: Ja, det er jo ein ny standard - det ville vi ikke sagt noe om i oppstarten av fusgur.
MO: Nei, men det er faktisk særs beskrivande.
Karakter: G
Lokalet er koseleg, og ein kan lett sitje her med nokre øl i handa og få seg litt lett mat undervegs. Menyen er lett blanda, med tapas, smårettar og burgerar - litt ubestemmeleg sjanger med andre ord. Servicen er prega av bar-miljøet, og det tek lang tid å få både merksemd og mat. Det var litt folk der, men ikkje tettpakka så ein kan ikkje skulde på for mange gjestar. Heilt grei mat, utan dei kulinariske opplevingane men heilt klart ein stad du kan bli mett for ein rimeleg penge og vere nøgd med standarden.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024