Eit noko forseinka augustmøte vart lagt til Viet Nam House, eit budsjettvennleg alternativ i området rundt Youngstorget.
MO: Nokon seier det var gresk, andre at det var italiensk, restaurant her før. Usikker på kva som er tilfelle, men det er i alle fall sikkert at vietnamesisk-inspirert interiør er det IKKJE her.. Dei har liksom berre behaldt ei dryppsteinsgrotte med diverste greske eller romerske folk på veggane, og klaska på litt rismarker her og der.
SJ: Det är faktisk litt koselig, och litt konstigt. Hoppas maten är god!
Fleire av oss gjekk for forrettar i påvente av at dei siste skulle dukke opp, AH og SD gjekk for Tom Kha Kai, MO for innbakt scampi, SJ satsa på ferske vårrullar.
SD: Synes ofte det er litt pes med sånne ferske vårruller som man oftest må rulle selv, får sånne tynne rispapir og så går det skeis og huff...
Det synte seg at her kom vårrullane ferdig mekka, så ein slapp styre med anna enn å dyppe i sausen.
SJ: Dom smakade inte så mycket, men såsen var jättegod!
MO: Desse scampiane var vaksne, og veldig fersk-fritert - rykande varm og sprø!
AH: Suppa var veldig god!
SD: Ja, men veldig sterk.. på kanten av hva jeg klarer, tror jeg.
Før alle var ferdige med forrettane, kom hovudrettane på bordet. Her var det berre å slurpe i seg suppa!
SJ hadde bestilt nudelsuppe med and, og den kom i stort format med mykje god kraft i. AH og SD gjekk for and, MO for kylling i peanøttsaus, Anne for kylling med cashewnøtter og Lene for rød karri.
AH: Var i overkant mykje feitt på den anda her? Kan ikkje seie det var det mest fantastiske, men heilt greit.
SD: Enig. Selv om jeg ikke har sååå mye fett på anda, tror jeg nok det skal litt til for å få and skikkelig godt? Man skal virkelig ha peiling på hvordan den skal tilberedes, er nok ikke det enkleste.
Resten av gjengen var helt fornøyde med maten - ikkje nokon hadde kulinariske aha-opplevingar, men jamnt over var det grei mat til ein ok penge.
MO: No er eg i overkant mett, i alle fall.. nokon som skal ha dessert?
Det var ikkje nokon som var klare til fritert banan og liknande klassikarar, så nokon av oss gjekk vidare til Funky Fresh. Dei driv med raw food, og kunne by på nokre deilege sjokoladekaker. Flott avrunding på kvelden!
Karakter: G+
Artig lokale, usikker på om det er gjort med meining eller berre av økonomiske årsakar å behalde forrige restaurants innreiing. Maten kjem fort, og det er mykje mat. Litt i overkant for fort, når folk må bælme suppa for å få plass på bordet til hovudretten... maten er god, men altså ikkje staden ein går om ein er skikkeleg sugen på and til middag. Valuta for pengane!
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024