Fusgur logo

Grådi godt? (Nedlagt)

Mai 2017

Grådi (Nedlagt)

Beliggenhet:   Tøyen
Kategori:
Mat: 3.003.003.003.003.00
Service: 3.003.003.003.003.00
Miljø: 2.002.002.002.002.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Denne siste tysdagen i mai, var fusgur med konsulentar på veg til Grådi - som har teke over lokala til Lyst på Tøyen. Litt anonymt utanfrå, då det ikkje var eit skilt å oppdrive som kunne fortelje at vi hadde komne rett, så fleire av dei oppmøtte måtte ty til talartuten for å finne ut akkurat kor dei skulle gå inn. MO: Eg har jo vore på Lyst, så eg visst kor eg skulle men ville kanskje vurdert eit skilt eit stad på vegen, for dei som ikkje er lommekjende i området.
A: Ja det var ikkje enkelt å finne fram, sjølv om eg stod på rett adresse og såg rett på lokalet!

Menyen er, som med mange stader i dag, basert på dele-prinsippet. Etter litt diskusjon, fann vi ut at vi gjekk for and i lomper, bønner i lomper, hummus, grilla spisskål, potetsalat, krabbeboller, ceviche av villkveite, carpaccio og ytrefilet. B og SJ gjekk for kvar sin versjon av fermentert te som drikke, medan resten av gjengen haldt seg til kranvatn.

B: Det kan kanskje minne litt om en mojito? Ikke en umiddelbar favoritt.
Det synte seg gjennom måltidet, då glaset ikkje ein gong nærma seg halvtomt.
SJ: Min var god - frisk smak och jag tyckte om den.

MO: Eg var skeptisk til and i lomper med mango og aprikos men glad eg prøvde, det var veldig godt!
A: Den var veldig god, bra vi tok to porsjonar.
SD: Veldig god, og den villkveiten var også smakfull og god.
MO: Den kålen smakte diverre veldig lite. Dei kunne nok hatt litt meir smør og salt på, synest eg.
SJ: Ja, det har du rätt i - lite smak.
B: Potetsalaten er litt annerledes enn jeg så for meg, men den var god den også.
SD: Cevichen var av de beste jeg har smakt, tror jeg. Utrolig god!
B: Krabbebollene var også veldig gode! Litt sting i dem, thai-smaken gjorde seg.

Maten var spanande og god, og mette vart vi. Men, ikkje alle var for mette for dessert! B valde den Dexter-inspirerte lime-paien, medan SD og SJ prøvde seg på Twin Peaks-paien med kirsebær.

MO var ute og smakte på alt, som vanleg.
MO: Oh, den smakte verkeleg lime!! Veldig god og frisk, sjølv om det er litt for stor bit for min del. Veldig god på smak, ikkje som den vi fekk servert forrige gong - kor no det var... hugsar ikkje heilt no?
SD: Ja, utrolig frisk og god! Delte ikke vi et stykke forrige gang vi testa ut key lime pai? Husker bare ikke hvor, bare at den smakte veldig lite?
(Etter litt research på nettsida, fann MO ut at det var Lucky Bird som kunne by på smaklause paiar til dessert)
SJ: Denne var i alla fall perfekt storlek! Körsbären och den mörka chockladen passar gott ihop.

SD: Var det forresten flere som ble satt ut av kunsten på toalettet, eller er det bare meg som er litt sart...??
Denne kommentaren førte til at alle måtte ut og sjekke kunsten, og MO tok bilete av det som kan beskrivast som halvpornografisk kunstfotografi kanskje? Usikker på om det er innafor med bilete av nakne damer på toalettet, men det fekk i alle fall samtalen i gong så om du slit med samtaleemne under middagen, kan du alltids ty til det.

Karakter: G+
Lokalet er røft og litt nakent, men det funkar for konseptet. Maten er absolutt god og utfordrande, utan at det er dei største smaksopplevingane dei byr på så kan du lett ta turen innom og prøve litt av dei ulike smårettane dei har. Det var ganske stille her denne dagen, så vi fekk stort sett kontakt med servitørane - som sleit litt med slepphendt personale men det får gå under uhell kan skje-paraplyen. Blir det bra sommar med flott ver, vil dei nok vinne litt på stor uteservering.




Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no