Ein sterkt redusert gjeng kom seg inn på nye Tipo Pizzeria, nederst på Løkka, for å prøve ut det nyaste tilskotet på pizza-stammen i hovudstaden.
MO: Ach, det er jo ein del eg ikkje kan ete her.. gler meg til spekemat er lov igjen! Så, trur eg går rett på pizza og så ev. dessert?
IV: Var ikkje enkelt å velge! Men, eg trur faktisk eg går for den med potet på. Hugsar du då eg bestilte pizza med potet på Teatro? Og fekk chips????
MO: Hahahahaha ja det var sant! DET er jo ikkje normalt.
Servitørane snakkar ikkje eit kløyva ord norsk, men vi er jo heldigvis røynde engelsk-talarar, og fekk lagt inn bestilling på ein stk. salciccia e friarelli og ein patata e pancetta - båe med kvit saus.
Etter ca. 10 min var maten klar og stod på bordet!
MO: Så raskt! Det er bra, faktisk. Denne her skal vere ekstra sterk, og eg ser jo dei har vore raus med chilien.
IV: Skal vi bytte eit stykke kvar?
Som sagt, så gjort.
MO: Mmmm den var veldig god! Likte din potetpizza betre enn min, ikkje så mykje smak av rosmarin heller, heldigvis. Chilien på pizzaen min smakte jo knapt noko som helst, spicy er den i alle fall ikkje.
IV: Nei, eg syntes denne var veldig god. Men, eg trur ikkje eg klarar heile.. var større enn eg trudde. Trur du eg får ta med meg resten?
Det fekk ho. Servitøren kom med ein pizzakartong til restane, medan MO tok tida til hjelp for å kvitte seg med heile pizzaen - utanom skorpene.
MO: Vi må jo prøve den nutellapizzaen..? Skal vi dele?
IV: Vi må faktisk berre prøve den..
Etter ei stund kom dessertpizzaen på bordet, med nutella, jordbær og marshmallows.
MO: Det er jo godt, men kunne lett vore litt vaniljeis til.
IV: Litt i overkant søtt for min smak.
MO: Mykje brød - eg skoflar fyllet saman, her må eg prioritere kva eg har plass til!!
IV: Hadde ein vore 6 stykk rundt bordet, hadde det vore perfekt å dele dessert på alle saman! Eit stykke på kvar, liksom.
Karakter: M-
God og tynn botn på pizzaene, pluss for rask service. Det er nok ikkje Oslos beste pizza, men vi kan lett kome attende for eit ok måltid ein annan gong. Men, merkast pizzaen i menyen med spicy så bør den vere litt kvassare enn chili som omtrent er på paprika-styrke! Nutella-pizzaen måtte prøvast kun pga. at vi er nysgjerrige, og kunne vel haldt med eit lite stykke pr. pers.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024