Fusgur logo

Rehmans (NEDLAGT)

August 2005
Rehmans (nedlagt)

Beliggenhet:   Grünerløkka
Kategori: Indisk
Mat: 3.403.403.403.403.40
Service: 3.403.403.403.403.40
Miljø: 3.403.403.403.403.40
Pris: 3.403.403.403.403.40
Karakter: 3.403.403.403.403.40
Skriv kommentar eller anmeldelse
Det var ein regntung og dyster onsdag ettermiddag, og det første
møtet i fusgur skulle leggast til Rehmans - ein trendy indiskinspirert restaurant på Grünerløkka vi lenge hadde hatt lyst til å prøve. Det skulle vise seg å bli ei oppleving med blanda kjensler..

MO: Det er jo lite folk her så tidleg på ettermiddagen, skulle jo tru at dei hadde tid til å ta seg av dei få gjestane som er her..?

Det tok lang tid før servitøren var på plass, men han var til
gjengjeld hyggeleg og sørga for at venteretten og bestilt drikke
snart stod på bordet. Lokalet er lyst og åpent, vindauga går frå gulv til tak og kan opnast på varme dagar - denne onsdagen var det ikkje varmt nok ute, så IV var snar å late att vindauget på eige initiativ.
IV: Eg er ikkje så begeistra for indisk mat, men det ser ut som dei kan noko på menyen eg kan prøve trass alt. Noko som ikkje er altfor sterkt.
EV: Eg må iallefall ha nan brød, det er jo ei sjølfølge til indisk
mat!
Vi bestilte to nan brød, eit med kvitlauk og eit med
karantellar. Maten kom servert i varme jerngryter med eit telys under som hjalp til å halde på varmen. EV valgte seg med ein klassisk rett med lam i karrysaus, som diverre minte meir om bolognese inspirert tomatsaus enn noko frå eit indisk kjøken. Kjøtet var himmelsk mørt, men dei var for lite hissig med krydringa i forhald til kva ein forventar på ein indisk restaurant.
Valget fall også for MO på ein lammerett med spinat i ingefær og
chili,noko som falt godt i smak og var akkurat passe krydra. Einaste ulempen var at det var store mengder med spinat, samt at kjøtet i slike gryter bør vere meir finskåre. Fleire gongar måtte trevlete bitar av kjøt og sener fjernast, noko som la ein dempar på det gode måltidet.
Verst vart det nok for IV. Indrefilet marinert i chili smakte godt, men funn av fleire plastliknande strimler i maten som servitøren ikkje kunne forklare tok knekken på matlysta. Ho fekk tilbod om ein ny rett, men å måtte vente på ny mat medan resten av følget hadde ete opp, kom ikkje på tale. Servitøren tok ein prat med kokken, og informerte oss om at ho sjølsagt ikkje måtte betale noko for måltidet. God service, men det bør vel eigentleg vere såpass når framandlekamar dukkar opp i maten? Ikkje bra.

Oppsummert: Ok mat, treig service. Prisane ligg gjennomsnittleg på
150 kr for hovudrettane, og godt under hundrelappen for forrettar. Vi går nok neppe tilbake med det første, diverre.

Gruppa gleder seg allereie til neste møte, og diskusjonen om kva restaurant som vert offer for neste besøk, pågår i skrivande stund. Vi har også bestemt oss for bruke ventetid mellom rettar på å diskutere hendingar den siste tida, viktige ting som skjer rundt omkring i verda. Denne gongen vart det heftig debatt om korvidt Riises sms-sjekking var patetisk, hyggjeleg eller berre oppskrytt. Vi kom vel ikkje fram til noko svar, anna enn at ingen av klubbens medlemar til stade ville tatt i mannen med tong om så var og at han verka meir sympatisk i sine dagar som gift mann. Det vart også etterlyst reglar for bråk i bygårdar der det er såpass lytt mellom leiligheitene at det til tider kan vere i overkant plagsomt.
Er det sosialt akseptert å klage på bråk som foregår før kl 23 ein kvardag, eller for den saks skuld - ein fredag eller laurdag? Vi berre spør.

Samla karakter: ein litt svak G Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
Me dull. You smart.
Brandice 25.12.2016

Me dull. You smart. Thats just what I needde.

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no