Fusgur logo

Tandoori Hut

Mars 2017

Tandoori Hut

Beliggenhet:   Sagene
Kategori: Pakistansk
Mat: 3.003.003.003.003.00
Service: 2.002.002.002.002.00
Miljø: 2.002.002.002.002.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Midt i vegarbeidskaoset på Sagene, prøvde fusgur å finne fram til Tandoori Hut ein solrik vårdag i slutten av mars. MO: Ikkje det enklaste å finne fram nett no, trur forresten ikkje han forstod kva eg meinte då eg sa vi hadde booka bord...
SD: Men vi har fått bord, i alle fall, og han bekreftet faktisk på telefon i går.


MO, SD og SJ gjekk for mango lassi så snart vi fekk sjansen, og den kom på bordet innan rimeleg tid.
SJ: Er det pistasjnøtter på den..?
Ja, det synte seg å vere eit dryss pistasjnøtter på toppen!
MO: Kanskje greit å nemne det i menyen? Bente, då får du altså ikkje smake. Beklager.

Bente gjekk for grønsaker og ost i curry medium +, MO for lammekjøt i spinatsaus styrke medium +, SD satsa på kylling i konjakk og raudvin styrke medium, og SJ satsa også på lammekjøt i medium +. Vi valde å bestille 2 nanbrød med kvitlauk og eit vanleg på deling. Til forrett delte vi ein lauk pakora, trass servitørens bestemte meining om at det var ALTFOR lite for oss 4, så gjekk vi då mot han i og med at vi berre ville smake.

Det tok fort ein halvtime før lauken kom på bordet, den var riktignok særs smakfull og god - vi var alle nøgde med den! Diverre tok det nesten ein ny halvtime før resten av maten vår kom på bordet, vi hadde spart på mango lassien så godt vi kunne men no heldt det hardt.

SD: Jeg er klar til å gå snart, blir bare mer og mer irritert når jeg tenker over det!
MO: Ja, det går heilt klart ut ein del take away og kanskje ein heil del foodora-pakkar her - føler vel ikkje at dette er ein stad det skal ta nærmast ein time å få mat?
Bente: Vi fikk jo forretten, da, man skal jo vente litt før hovedretten kommer?
SJ: Det skall man. Men jag tycker också det drøjar lite her..

Maten kom endeleg på bordet omlag 50 min etter bestilling, og svoltne fusgurar kasta seg over tallerknane.
MO: Hm. Det var ikkje så mykje smak i den sausen min, og vil heller ikkje seie det var veldig sterkt - men kjøtet er utruleg mørt!
SD: Nei, jeg forstår hva du mener med at det kanskje virker som de har glemt salt eller noe sånt? Det smaker liksom mer bare fløte eller youghurt, kanskje?
MO: Men med dei sausane vi fekk til, så går det jo greit. Får inn ein heil haug med gode smakar der.
Bente: Dette var i alle fall godt! Blomkål er digg, altså. Og nydelige sauser.
MO: Eg syntes din, SJ, var best på smak.
SJ: Tack, jag är också nöjd. Veldigt mørt køtt!
SD: Vi har nok nanbrød, i alle fall...
SJ: Ja, det smakte inte så mycket vitlök ägentlingen.

Karakter: G+
Lokalet er jo ikkje det beste, men det er greit for å ta ein tur innom ein kvardag og få i seg mat som mettar. Veldig mørt og fint kjøt, av det betre vi har vore borti. Litt for lang tid før maten kom på bordet, men rause porsjonar - her kan du trygt ta med deg ein svolten mann, så blir han nøgd! Medium + er ikkje veldig sterkt, kan dei prøve å halde seg på den trygge siden så ikkje Ola Nordmann blir skremd? Veldig god mango lassi, men dei burde merke den med nøtter i menyen for å unngå ev. kriser. Noko av maten var smaklaus, men vanskeleg å seie om det var uhell eller berre slik det skal vere.




Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no