Ein regntung tysdag den siste dagen i februar, tok fusgur turen til vestkanten og Publiko, som ligg på eit hjørne eit lite steinkast frå Bogstadveien.
MO: Var jo for så vidt koselig lokale, da, minner litt om Cru - som ligg rett oppi gata her om eg ikkje hugsar feil?
SJ: Sant! Cru är också här nånstans. Jag hadde nästan glömd det..
Servitøren kom og informerte om dagens rettar, som var skrei og oksekjake til dagens pris.
Astri: Kva er den kroketten, då?
Det synte seg å vere oksebryst bakt inni ein potetkrokett, og ikkje slik det først såg ut til på menyen - oksebryst med krokett ved sidan av.
Bente: Det blir vel skrei på meg, da? Men uten mandler. Vil gjerne unngå flere allergiske reaksjoner.
SD: Jeg er ikke så glad i skrei, så jeg ble usikker. Er konsistensen som blir litt feil for meg, usikker på hvorfor egentlig.
Det enda med at SD og SJ gjekk for krokett, MO og Astri for oksekjake og Bente landa på skrei. Dagens kan bestillast i stor og liten porsjon, og alle gjekk for små. Prisane er stive nok til at ein vil teste litt ut først, og det går også an å bestille meir etterkvart om det skulle bli krise.
SD: Skal ingen ha forrett?
MO: Veit aldri kor mykje mat ein får, og ein kan jo alltids bestille forrett til dessert?
SJ: Jag vill ha plats til desserten "chocklad, chocklad, chocklad"...
Brød med fluffy og piska smør kom på bordet, og var nydeleg for svoltne magar.
Etter det som kjendes som ei evigheit, men som mest sannsynleg var innafor ein halvtimes tid, kom maten på bordet.
SJ: Mmmm det var gott! God sjy, vill ni smaka?
MO heiv seg over og smakte, det var mørt og fint kjøt og ein god smak på krafta kroketten kom i.
MO: Oksekjaken er utruleg mør - nett som eg håpa.
Astri: Ja, det var godt men eg kunne lett teke stor porsjon... det vart kanskje litt for lite?
MO: Ja, eg kunne nok også gått for stor porsjon, men ein kan jo ikkje ane. Synest kjøt ofte blir litt tungt. Den bakte purren var nydeleg.
Bente: Skreien var veldig god, og jordskokk er også godt. Trodde ikke jeg likte selleri heller, men her var den god. Og kanskje 100 gram fisk var litt lite, ja.
Det var ikkje problem å få plass til dessert etterpå, Bente våga seg på dekonstruert sitronterte, SD tok ostefatet og dei andre gjekk for sjokoladen.
MO: Oj, det var jo på storleik med hovudretten, dette.
Astri: Ja, det var jo det eg sa. Mykje sjokolade, då.
SD: Det var MYE ost, usikker på om jeg klarer alt. Denne var veldig god!
Astri prøvde seg på ein smakebit av osten, og fann ut at det var ein ost ho faktisk likte - og dei er det langt mellom.
Bente: Denne var supergod! Veldig syrlig og fin, spennende dessert.
MO: Det er i alle fall nok sjokolade her, veldig artig. Lite å utsetje på dette, altså.
Karakter: M
Lokalet er koseleg nok, men litt ugunstige stolar å sitje på. Servitørane er merksame og påfyll av vatn gjekk automatisk. Maten var absolutt veldig god, det er litt lite å velge mellom så det er kanskje greit å sjekke på førehand om du er av den kresne typen eller har aversjonar mot anten kjøt eller fisk. Er du svolten, gå for stor porsjon - ev. forrett, hovudrett og dessert. Dei har liten meny, men til gjengjeld kan dei verkeleg lage det som står på menyen.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024