Fusgur logo

Kasbah

Januar 2017

The Kasbah

Beliggenhet:   Alexander Kiellandsplass
Kategori: Hummus
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 3.003.003.003.003.00
Miljø: 5.005.005.005.005.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Ein guffen februardag, karra fusgur seg til eit hjørne ved Alexander Kiellandsplass, opp ei trapp til eit koseleg lokale kor du kan få så mykje hummus du måtte ønske. MO: Veldig koseleg lokale, uformelt og lunt.
SD: Ja, det virker som det er en del folk som er her lenge, liksom. Ser at det ligger brettspill der borte, og i sofaen der sitter det folk og jobber på PC.
SJ var forseinka og stolte på at MO og SD bestilte mat som kunne etast. Som sagt, så gjort, og dei gjekk for eit utval meze som såg spanande ut. Det hang eit skilt om at det av og til kunne vere til hjelp om ein kom til disken og bestilte, og det gjorde vi for å kome i gong i staden for å vente på servitør.

SJ kom på plass i god tid før maten kom, og etter kvart kom det følgande på bordet:
Hummus, labaneh, tabbouleh med quinoa, gresk kebab, merguez (lammepølse), falafel og pita.

Vi måtte google oss fram til kva labaneh og tabbouleh var for noko, men kom fram til at det såg lovande og kjent ut.

MO: Hm, falafelen var skuffande smaklaus... verkar som dei har gløymt salt eller noko sånt? Dei skal jo vere berømte for falafelen sin her?
SD: Ja, helt enig. Den var litt tam, rett og slett.
SJ: Jag tyckte den kebaben smakade litt for mycket lamm...?
SD: Litt ull, på en måte?
MO: Litt mykje sau der.. men pølsene var utruleg gode!
SD: Og den labaneh-saken - veldig godt! Mmmm
SJ: Er ni mätta nu? Jag är inte säker.
SD: Vi kan jo lett bestille mer mat, da.
MO: Ikkje for min del, eg er nok mett, om ikkje stappmett. Men behageleg.

Det gjekk ei stund så fann vi ut at vi vart mette.
SJ: Det är sånn mat man kan äta och äta av, hela kvällen typ.
MO: Skal vi ha dessert? Eg er ikkje fan av baklava, men her har dei 3 bitar i ein porsjon så det høver vel bra?
SJ: Jag älskar baklava - mammas baklava!
MO: Det blir fort litt for søtt for min del, altså.
SD: Jeg tror det er stor forskjell, selv om det er søtt.
MO: Ok, baklava og mynte-te er vel bra kombo?

Etter å ha fått teen, kom servitøren og beklaga at dei var tomme for baklava. Litt skuffande, men vi valde å dele eit stykke sjokoladekake i staden - noko måtte jo oppvege for den sunne teen.

SD: Det var ALTFOR varmt vann i teen. Når fersk te serveres i så varmt vann, trekkes det mye bitterhet ut fra bladene.
MO: Ja, det var litt for varmt. Vi har jo vore på te-kurs så dette veit vi! Trur eg gjer det same som deg, og fyller på med litt kaldt vatn...

Kaka kom på bordet, litt lun kake med krem og kaneldryss. Kaka var heilt gjennomsnittleg, og det var stort nok til at alle tre fekk i seg fleire bitar. Kjekt å kunne dele dessert på den måten, oftast har ein berre lyst på eit par bitar søtt. Kjem det eit stort kakestykke eller ein svær dessert, så må det jo bort uansett kor mett ein er - vi betalar jo tross alt for det! Logikken er upåklageleg, vi kan ikkje la kvalme stå i vegen for å få valuta for pengane..

Karakter: M
Så lenge ein veit kva ein går til, har dei god mat for ein rimeleg penge. Rekninga hamna på 212 pr. pers, inkl. te og dessert. Ikkje forvent fancy restaurant eller servitørar som fyller glaset ditt utan at du merker dei er tilstade, her må du ta litt ansvar for eiga næring. Det er eit koseleg lokale, kor ingen ser rart på deg uansett korleis du er kledd, og det er ein stad du lett kan bli sitjande i nokre timar. Ikkje veldig gunstig for småborn, då det er trapp både opp til kafeen og inne i sjølve kafeen, kan føre til knall og fall om nokon vil ut og gå på eiga hand.
MO kjøpte med seg litt take away, og det var klart på omlag 5 minutter - heilt klart innafor kva vi orkar å vente på! Dette er ein stad vi lett kan besøke igjen på privaten, i godt selskap når vi har lyst på kikerter i alle moglege variantar.


Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no