Fusgur logo

Txotx

November 2016

Txotx

Beliggenhet:   Løkka
Kategori: Pinxtos
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 2.002.002.002.002.00
Miljø: 2.002.002.002.002.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Den nye pinxtos-baren inne i bakgården i Schouskvartalet stod for tur til vårt besøk i desember - den harde kjerne var klar til seriøs testing av baskiske tapas i nordisk miljø! MO: Litt kjipt at det kun er høge barstolar vi kan sitje på og dingle... Men, det får gå.
IV: Ja det var berre eitt bord igjen! Skulle tru at ein tysdag var litt stillare, men det er vel populært tydeligvis.
SD: Litt for langt lokale til å få ordentlig oppmerksomhet, føler jeg?
MO: Alle borda er jo opptekne eller reserverte, men det er ikkje trengsel i baren eigentleg.

På bardisken står det kalde pinxtos som ein berre kan ta med, og tannpirkarane tek du og legg i eit lite glas så rekninga blir etter antall du har ete. I tillegg kan du bestille varme pinxtos, som servitøren kjem med. Stort pluss å kunne bestille cider i mindre volum, så om ein vil prøve ulike sortar treng ein ikkje ende opp med ein halvlitar som kostar mykje pengar og smakar feil!

Vi gjekk to og to til baren, tok med oss nokre kalde pinxtos og prøvde å bestille varme i baren. Synte seg å vere vanskelegare gjort enn sagt, til tider følte vi oss usynlege.. Runde nr. 2 VAR usynlege, og ga opp og returnerte med uforetta sak!

Men, det ordna seg i det ein servitør kom svinsande med varmrettar og tok i mot bestillingar for oss.

MO hadde bestilt argentiske villreker i chili og kvitlauk, IV ønska serranoskinke, SD gjekk for anderagu og SJ satsa på svinekjake. I tillegg bestilte vi eit par porsjonar patatas bravas, med både aioli og salsa. Serranoskinka dukka aldri opp, så då vart det nokre kalde pinxtos ekstra i staden.

MO: HOI for nokre reker! Dei symjer i kvitlauk, det brenn i munnen - på ein god måte. Veldig godt.
SJ: Svinekjaken va veldigt mör, mycket gott.
SD: Hva er dette for noe..? Ser ut som eggehvite? Aha, det ER et egg nedi her. Men veldig god ragu, altså.
IV: Eg har gitt opp skinka... tek litt potet, eg.
MO: Var ikkje heilt begeistra for den salsaen, smakte litt barbeque på ein måte..?
IV: Eg likte den ikkje i det heile teke.
SD: Men potetene var gode, altså. Ble bare så mye mat her at jeg må nedprioritere potetene faktisk.

Sidan MO hadde smakt verdas beste arme riddarar i San Sebastian, måtte ho berre prøve dei arme riddarane som Txotx hadde å by på.
MO: Hm. Vel, det var jo ok men eg kjem ikkje til å bestille den igjen..
SJ: Cideren var god, i alla fall. Inte så söt, og veldig bra man kan beställa mindre portioner.

Karakter: G+
Ein ting er å måtte bestille i baren, det går fint. Men at ein blir forbigått fleire gongar og må vente i meir enn 10 min før ein får hjelp, det er litt i overkant. Var ikkje så trøkk at det skulle vere eit problem, og i staden for å gå rett forbi deg med blikket retta framover så hadde kanskje eit "kjem snart" vore på sin plass og vore til hjelp. Kanskje dei burde hatt ein person til drikkebestilling og ein til matbestilling? Mat som ikkje dukkar opp opplevde vi to gongar også, så det er ikkje eit pluss i boka. Men, pinxtos på bardisken var rimelege, som gjer at ein kan prøve fleire sortar utan å blakke seg. Dei varme var også veldig gode, så det er absolutt verdt å ta ein tur for ei annleis oppleving. Har du traska rundt i Baskerland, så er det nok ikkje heilt på same nivå men det kan gi deg ei lita sentimental kjensle, om ikkje anna. Kjem til å prøve igjen! Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
So many great charac
Kamryn 26.12.2016

So many great characters have disappeared! I find the new Ollie to be woefully boring compared to the Ollie I knew for decades. I can’t see Connor appearing in the DCnU because new Ollie is (a) too young and (b) just not the free spirit he should be, so his affair with Moonday just wol1&nd#82u7;t happen.

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no