Fusgur logo

Happolati

November 2016

Happolati

Beliggenhet:  
Kategori: Asiatisk
Mat: 5.005.005.005.005.00
Service: 5.005.005.005.005.00
Miljø: 5.005.005.005.005.00
Pris: 5.005.005.005.005.00
Karakter: 5.005.005.005.005.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
I høve EVs siste offisielle fusguroppdrag før det forblåste Nordvestlandet kallar ho attende til havgapet, vart vi samde om å ta ein spesialutgåve med ekstra fancy restaurantbesøk - og turen gjekk til Happolati, ein relativt nykomar med spanande meny og store lovnadar om utfordring av smakslaukane! EV: Eg trur det held med liten meny for min del.
SD: Det tror jeg holder her også, faktisk.

Dei har to menyar - ein liten og ein stor. Den vesle versjonen byr på 5 rettar, medan den store gjekk for 9. Vi satsa alle på liten og vona det vart nok.

Servitørane var på plass utan å gjere noko styr ut av seg, dei informerte om det som skulle informerast om, og var til stade for det vi måtte ønske. Først ut var fermentert kålchips i følge med ein slags dip med klippfisk i.

MO: Hm. Litt usikker her. Det var greit nok, men trur ikkje eg gomlar innpå alle desse store lauva her..
EV: Er fermentert råttent, eigentleg?
MO: Er det ikkje det?
SD: Nei, det er jo heller gjæret. Ikke råttent.
SJ: Dipen var god, jag tyckte det var gott, jag!
Solveig: Nja. Er nok ikkje største favoritten hittil men det går.

Så kom det wontons med elg i, i tillegg til nudelsuppe med kraft av steinsopp og kylling.
SJ: Å den soppan var god på smak! Så kraftfull!
MO: Det var veldig godt! Tross soppen,då. Den kunne eg klart meg utan.
EV: Wontons med elg? Lurar på om dei har mykje elg i Kina? Eller kor det her no kjem frå?
SD: Godt var det, i alle fall. Spennende kombinasjon.
Solveig: Eg klarar ikkje meir.. det var nok mat, i alle fall. Vil nokon ha ein wonton ekstra?

Neste rett ut var and med blodvaffel. Servitøren forsikra oss om at det ikkje var mykje blod, berre nokre dråpar i vaffelrøra. Det kom med ein slags dip til å ha på vaffelen, men vi var framleis bittelitt skeptiske.
SD: Hm. Det ser ut som sjokoladevafler?
MO: Eg er ikkje umiddelbar fan av den vaffelen her. Men, anda var utruleg god!!!
EV: Eg likte vaffelen, i alle fall med litt sånn dipgreier på. Og ja, anda var veldig god og mør.
SJ: Du måste ha lite sånn sås på, mycket bättre!
MO: Ja, det er heilt greit liksom. Men, no begynner eg å bli mett så då får vaffelen vike til fordel for meir and - den skal IKKJE kome vekk!
Solveig: Veldig godt, og meir enn nok mat for meg i dag.

Vi venta spent på desserten, som var bao i søtversjon karamellisert med to ulike sorbetar til, sjokoladecrunch og cornflakes. Med følgte to sausar - ein karamellsaus kokt med litt steinsopp og ein med sitronsmak.

MO: Herregud, så mektig. Men betre enn eg venta! Deileg karamell.
SD: Det var ikke sånn jeg fikk servert bao forrige sted jeg spiste, i alle fall.

Alle åt seg god og mette, det gjekk ikkje mykje til spille og vi kunne lett trilla ut døra etterpå. Men, måltidet tok over 2 timar og godt var det! Slik fekk maten tid til å falle til ro i magen før vi skulle ut i haustblåsten igjen.

Karakter: S
Lokalet er ok, ikkje overkoseleg men intimt nok til å ta med ein date hit utan problem. Maten er veldig god, om enn noko eksperimentell for fleire så var dette ei klar utfordring for våre smakslaukar og det likar vi! Ikkje noko smakte vondt, og spanande var det - heilt klart noko vi aldri ville funne på å koke saman heime på eige kjøken. Og, det er jo det beste med å gå ut for å ete. God service med hyggjelege servitørar, ikkje noko å utsetje på dette. Her får du godt med mat til ein ikkje altfor avskrekkande pris. Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
hello cliauda, I nee
Darrence 26.12.2016

hello cliauda, I need your help again, the first linky number 104, does not work and so I relink and at 105, that works. please help me remove 104. thanks claudia and happy hosting.

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no