Ein guffen tysdag i slutten av oktober tok fusgur turen til Tøyen Torg, som dei siste åra har fått eit valdsamt oppsving og kan skilte med adskilleg fleire spisestader enn tidlegare.
SD: Har lenge hatt lyst å komme hit, blir spennende!
MO: Eg har vore her før, men ikkje i sjølve restaurantdelen, då.
SD: Jeg også, de har gode drinker her, i alle fall.
Restaurantdelen opnar ikkje før 17, så sidan vi var nokre minutt for tidleg ute, fekk vi rett og slett ikkje kome inn. I teorien burde dei kanskje sagt vi kunne vente i baren til dei opna, så vi slapp sitje ute, men det verka ikkje som dei var så valdsamt interessert i meirsal.
EV: Set dåkke her ute?
SD: Ja, de har ikke åpnet ennå ...
Men snart var sistekvinne på plass, klokka slo 5 og vi var velkomne inn i varmen.
EV: Eg truuuur eg går for ein tre-rettars, faktisk.
SD: Det tror jeg også at jeg gjør!
MO: Eg slenger meg på. Er bistromenyen tilgjengeleg her også?
EV: Skulle tru det, sidan den heng saman med restaurantmenyen.
Anne: Eg trur eg går for berre ein hovudrett, kanskje ein dessert seinare. Men, kor er dessertmenyen?
Det viste seg at dei "serverer kun den desserten her på huset", var svaret frå servitøren. Altså den som høyrde til 3-rettaren. Ei noko merkeleg formulering som kunne oppfattast som arrogant.
Etter eit kvarters tid dukka forrettane opp. Polkabete med sprøtt kyllingskinn og bakt purre.
SD: Da vet vi i alle fall hva polkabete er. Og kyllingskinnet var veldig godt! Det er ikke slik jeg er vant med kyllingskinn, i alle fall.
MO: Veldig godt, men det var jo berre eit par munnfullar, så eg kunne lett ete meir.
EV: Eg er samd i det. Godt, men særs lite. Trur eg må til med både kniv, gaffel og skei her.
Det tok heile 40 min frå mini-forretten til hovudretten dukka opp. Det er for lang tid, men heldigvis hadde vi fått litt brød på bordet.
SD og Anne gjekk for uer med gulrotkrem og nyr, medan EV og MO valde andebryst med andehjarte.
Anne: Å, det er lenge sidan eg såg små, kokte poteter i ei skål på restaurant!
EV: Dåkke kan nok ta potete hjå oss, det er meir enn nok her.
SD: Tror faktisk jeg slår til på det. Retten ser veldig bra ut, men porsjonen er ikke spesielt stor.
EV: Hjartet smakte liksom litt ... seigt. Litt merkeleg konsistens, kanskje? Det virker som at dette hjartet er steikt ihjel.
MO: Ja. Eg klarer meg utan. Andebrystet var heldigvis mørt og godt, men litt tamt?
EV: Dei kunne med fordel salta meir, ja!
MO gjekk på jakt etter salt, men utan hell. Dei hadde rett og slett ikkje saltbøsser tilgjengeleg, men ein av kokkane forbarma seg over oss og fann fram litt maldonsalt i eit shot-glas som vi fekk med oss.
MO: DÅ vart det noko anna, ja!
EV: Det hjalp heilt klart med litt salt. No smakte det meir. Var fisken god?
Anne og SD kunne bekrefte at fisken var like god som den såg ut til vere.
Etter ei stund kom servitøren og spurte om vi var klare for dessert. Det var vi! Men, det skulle drøye enno 20 min frå han spurte til dagens andre servitør plasserte desserten på bordet.
"Da får dere skalldyrpanacotta med ..."
Eh, at det var???
"Beklager! Ikke skalldyrpanacotta ... rosmarinpanacotta!"
Desserten kom med bringebær i bunn, rosmarinpanacotta og sjokoladejord på toppen.
MO: Ok, dette klarer eg meg utan. Rosmarin høyrer ikkje heime i dessert. Er ikkje sååå glad i det i utgongspunktet, men dette vart i overkant.
EV: Eg tykte det var godt! Litt meir youghurtsmak enn pana cotta, kanskje?
SD: Ja, jeg også syntes det var godt. Og pana cotta skal være med fløte?
MO: Einig i at det er litt meir youghurtaktig. Kanskje det er nyr dei har putta oppi?
Seinare såg vi i menyen at det var rosmarinkrem, som kan forklare manglande pana cotta-kjensle.
MO prøvde å donere bort desserten til Anne, som smakte, men utan den store entusiasmen.
Karakter: G
Lokalet er koseleg nok, rustikt og litt røft og står i stil med den organiske menyen. Maten er også grei nok, men det kan ikkje forsvare prisen på nokon slags måte. Servicen er diverre der dei taper stort. Det tok for lang tid mellom rettane, og den eine servitøren verka slett ikkje nøgd med å vere tilstades. Den andre servitøren visste knapt kva som vart servert, og var litt krass i ordlegginga. Det vart dårlge med tips, og vi kjem ikkje til å ta med mannfolka hit ved eit anna høve. Diverre! Ho som kun åt hovudrett, vart ALDRI spurt om ho ville ha noko meir, ein dessert eller noko å drikke eller liknande. Det er for dårleg av ein stad som skal vere eit betre alternativ, sjølv på Tøyen. Vi forventar meir.
Brukeranmeldelser
??????? ????? ???????????? ?? youtube, ???????? ??
StevmiZ 08.04.2017
??? ???????????? ?? ????? ????? ????? http://gryubesi.ru/Cherez-kakie-programmy-mojno-zarabatyvat-dengi-Smotrim-vmeste-videoprikol-absolyutno-besplatno-Veselo-pravda.html ??? ?????????? ?????? ?? ????? ?????????
????? ????????? ? ????????? 2016, ??????? ????????
JameMof 06.04.2017
??? ???????????? ? ??????? ???????? http://gryubesi.ru/index.html ??? ?????????? ?? ????????????? ? ?????????
??? ?????????? ? ????????? ? ??????, ??? ?????????
Roberanype 28.03.2017
??? ?????????? ?????? ? ????????? ????????? http://khudyanis.ru/sitemap.html ?????????? ????? ??? ????????? ? ?????????
Cool! Thats a cleve
Sukey 25.12.2016
Cool! Thats a clever way of loionkg at it!
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024