Medan hausten truga med å gjere inntog ved å drysse litt regn over hovudstaden, kom eit redusert fusgur fram til Delicatessen på Løkka. Dette må vel seiast å ha vore Løkkas ubestridte konge på tapas i mange mange år, så vi gleda oss!
IV: Eg forstår ikkje noko. Må vi skrive oss på ei liste? Kva liste? Det er jo 20 ledige bord her?
Men det måtte vi altså.. her må ein visst stå på venteliste uansett om det er fullt eller ikkje, så vi dingla i baren, uten å få tilbod om servering, i nesten 15 min før vi fekk eit bord.
MO: Merkeleg opplegg.
IV: Kanskje dei ikkje har nok folk på jobb...?
MO: Langbord og greier...
Vi fekk eit bord, riktignok med 3 menyar, men såpass intimt at vi helst ville kalla det to-mannsbord. Her skal ein vere gode venar.
SD: Ja romslig er det jo ikke, men jeg ser jo at folk sitter 4 rundt samme bord. Trangt eller intimt og koselig?
Vi fekk bestilt begge vekas tapas, klippfiskboller og oksekjake, i tillegg til argentiske villreker, tomatsalat med chevrekrem og olivencrust, brød og aioli, patatas bravas, albondigas og manchego-ost.
Maten tok ca 20 minutt, og det får ein seie er innafor. Servitøren fortalte kva som var kva, og var hyggjeleg og litt på flørtaren med IV. Eller var det IV som var på flørtern..?
IV: Oh, den klippfisken var GOD!
MO: Ja, det var den. Og oksekjakene var sinnsjukt møre. Godt!
IV: Eg likar ikkje tomat, så den salaten hoppar eg lett over.
SD: Du kan få reka mi så tar jeg din salatbit?
Rekene var store som kreps og måtte renskast, men det følgte heldigvis med vaskeserviettar.
Vi vart gode og mette, men etter ein kikk på dessertmenyen, proklamerte MO at ho tok sjokolademousse med karamell-is og pecannøtter - og om nokon ville dele, var det fritt fram.
SD takka ja til det, og saman delte dei ein god melkesjokolademousse.
MO: Var kanskje i overkant søtt, men isen gjer det betre i alle fall.
Karakter: S-
Er nok dei beste tapas vi har ete. Escalon er ikkje langt unna, men det er noko dei gjer på Delicatessen som sender dei eit hakk foran. Kan det vere at potetene nok er fritert og crispy? At kjøtbollane er saftigare enn andre stader? Vi veit ikkje, men det er kun ein ulempe - og det er at det blir fort fullt, sjølv på ein tysdag. Og dei tek heller ikkje bordbestilling, så her må ein anten vere budd på å vente i baren ei stund (det må ein visst uansett..) eller snu i døra. Men, det funkar tydelegvis. Etter kl 17 fyllast det fort opp. Ville vel ikkje teke med dei minste hit, det er såpass trongt at det kan by på problemas. Det er heller ikkje billegaste staden å ete, men du blir god og mett for under 300 kr og det kan det vere verdt.
Brukeranmeldelser
This is the perfect
Lyzbeth 25.12.2016
This is the perfect way to break down this inmfioatron.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024