Fusgur logo

Døgnvill

August 2016

Døgnvill

Beliggenhet:   Løkka
Kategori: Burger
Mat: 5.005.005.005.005.00
Service: 4.004.004.004.004.00
Miljø: 5.005.005.005.005.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 5.005.005.005.005.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Kjapp endring i oppmøte førte til kjapp endring i stad - og Døgnvill på Vulkan fekk æra av eit fusgursk besøk denne ekstremt milde august-dagen. MO: Trur ikkje vi kan sitje meir bortgøymt enn dette...
SD: Nei, jeg forstår ikke hvordan du klarte å se meg komme inn en gang!

Vi vart plassert bakerst i lokalet, bak eit skjermbrett i eit hjørne - usikker på kva slags rykte vi har på oss, som må sitje i skammekroken, men det gjekk no seg til.

MO: Usikker på kva eg vil ha! Er så svolten eg vurderar å ta ein bit av servietten...
SD: Jeg har litt lyst på An offer you cant refuse. Men, har også lyst på French Connection... hm
SJ: Jag tänckte litt på den med salsa?
MO: Ok, vi bestiller kvar vår burger og så delesmakar vi? Eller?

Som sagt, så gjort. MO tok dagens burger med brie og mangochutney, SD slo til på tilbodet og fekk portobellosopp og tallegio-ost på sin, og SJ gjekk for Chipotle-burgeren. Vi delte på søtpotetfries og dirty fries - Døgnvill sine dirty byr på bacon, chilimajones og parmesan.

MO: Eg trur eg må ha blåbærmilkshake også, faktisk. Sjeldan eg går for noko anna enn sjokolade, men den her er faktisk såpass god at det er lov!
SJ: Jag vill också ha en sånn.
SD: Tror jeg står over, det holder vel nå?

Etter ein smak av blåbærshaken, valde SD å veive inn servitøren for å bestille ein eigen. Diverre ikkje enkelt å få kontakt etter at bestillinga er gjort, men 10 min etterpå var bestillinga i boks (og SD hadde ombestemt seg ca 10 gongar) og nok ein shake kom på bordet.

SD: Oh, den chilimajonesen var litt sterk!
MO: FOR sterk..?
SD: Nja. Det skal gå.
SJ: Så gott!!
SD: Mmmm veldig godt! Jeg likte alle burgerne, men troooor faktisk at jeg vant denne gangen.
MO: Ja, eg er einig der. Det var veldig godt, men eg held ein knapp på din. Tross soppen!
SD: Syntes kanskje den med salsa var litt... kjedelig?
SJ: Tycker du? Ja, den var kanske litt mildare enn dom andra.
MO: Eg er mett... og litt kvalm. Men, alt skal vekk! Kunne vel klart meg på berre dirty fries, eigentleg, utruleg godt.
SJ: Någon som skal ha efterrätt..?
SD og MO sa vel i kor ein slags lyd som kan tolkast som wuæææ, som betyr nei takk.
SJ: Hm... jag tar en avokado-sjokolademousse, den er vel nyttig också?
MO: Heilt klart! Men, du fekk jo ein solid porsjon - det må jo vere ein heil avokado oppi der? Den var heilt grei på smak, men sjokolademousse er det IKKJE i min smak.. hehe

Karakter: M+
Definitivt av dei aller beste burgerplassar i Oslo, og veldig hyggjeleg lokale. Litt treig service til tider, men det kan også ha å gjere med plasseringa. Vi har ikkje noko å utsette på mat og kvalitet, dette er vel vårt førsteval når det gjeld burger. Både MO og SD har vore her tidlegare, og kjem attende.


Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
Hey hey hey, take a
Lefty 25.12.2016

Hey hey hey, take a gadner at what youve done
0.000.000.000.000.00
Varierande!
MO 12.09.2016

Var nett attende i privat ærend, men på ein søndag. Det var smekkfullt, og maten var ikkje på same høgde som vi opplevde veka før, då vi var der ein tysdag. I tillegg fekk vi laukringar i staden for fries, og på den tida det tok å klare opp i saka, var vi for lengst ferdig med maten og på veg ut døra. Vi fekk riktignok med oss nevnde fries i doggybag som plaster på såret, men kan altså ikkje stå inne for like god kvalitet i travle tider som vi tidlegare har opplevd.

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no