Ein noko ustabil julikveld, sånn vêrmessig sett, tok det som var att av fusgurs harde kjerne i ferie-Oslo, turen til Birkelunden og den vesle, franske ostebutikken som også skryt på seg middagsservering.
MO: Kanskje like greit vi ikkje er fulltallig, dette er vel neppe staden kor ein tek med seg heile familien på middag? Det er vel ca 10 cm klaring mellom borda..
IV: Ja ein kan bli fort litt i overkant godt kjent med naboborda her.
SD: Hm, jeg hadde gledet meg til cassoulet, men det står jo ikke på menyen på veggen? Men det stod for så vidt på nett at de av og til ikke hadde alt som stod der og av og til noe ekstra så..
MO: Eg har no berre 4 av hovudrettane som freistar. Hm. Men, dei har fått god kritikk av biffen, så eg trur det blir det!
IV: Eg skal ha blåskjel. Eh, men med pommes eller med roquefort?!?! Har fått sansen for muggostar, så kan jo vere spanande å prøve. Hm. Nei, eg går for den klassiske.
Servitøren kom med meir vin til dei som ønska, og då SD spurte om dei ikkje hadde cassoulet, synte det seg at dei faktisk kunne tilby det, og SD slo til.
Etter ei heilt rimeleg ventetid, dukka maten opp på bordet. Og det var ikkje små porsjonar, så her skulle vi bli mette.
MO: Godt med brie på biffen! Men den chilimajonesen har eg knapt plass til, kjenner eg. Godt var det uansett.
SD: Denne var utrolig god!
MO fekk smake litt av gryta, og kunne glatt konstantere at det var nok det beste valet og angra bittelitt.
MO: Heyyy, der står det jo cassoulet på veggen! Ikkje som ein del av menyen, men rett ved sidan av.
SD: Hvor? Oj, hvordan kan jeg ikke ha sett det? Vel, ingen av oss så det...
MO: Nei. Selv med såpass stor skrift.. hehe
IV: Vil nokon smake, så sei frå. Eg er ganske mett, det er nok å ta av.
SD: Hvordan var de friterte potetene?
MO: Mine var ganske - i mangel på betre ord - soggy. Men absolutt gode.
SD: Mm, du kjenner liksom at de er lagd her, på en måte. Selv om de ikke var sprø, akkurat, så var de gode.
IV: Er det forresten nokon som skal ha dessert?
MO: Ost er ikkje dessert for min del, men du kan jo høyre kva dagens dessert er?
IV: Eg er ganske sugen på kake, faktisk.
Diverre hadde ikkje servitøren noko anna enn ost og ein slags lime-pana cotta å tilby, utan at det klarte å freiste nokon av oss.
IV: Vi kan stikke på Samson og sjå om dei har noko etterpå, kanskje?
MO: Jupp, eg er med! Dei har jo gode kaker, og ofte i små versjonar også.
Det synte seg å vere heilt feil. Dei hadde kun napoleonskake. Det utgjekk.
MO: Kva med å ta ein drink til dessert? Er det feil?
IV: Ikkje feil! I like it!
Så då tok vi kvar vår gode drink på Aku Aku, før vi tok turen heim, samde om at drink etter eit godt måltid kunne bli ein tradisjon.
Karakter: M
Maten var veldig god, sjøl om utvalet ikkje er det største, er det tydeleg at det dei tilbyr, gjer dei med glans. Prisen er heller ikkje urimeleg, men lokalet er nok meir eigna til små samankomstar heller enn større høve. Koseleg og godt, hyggjeleg service.
Brukeranmeldelser
And I was just worid
Roberta 25.12.2016
And I was just woridneng about that too!
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024