Sola skein og folk var lettkledde denne fredagen i slutten av april. Fusgur var på veg til Vann og Brød, ein tapasrestaurant sentralt på Grønland. Her var det tidlegare politistasjon og fengsel, men drifta opphøyrde i 1978 og no huser bygget og luftegården ein hyggjeleg restaurant med god atmosfære.
MO: Alle kom seg fram utan problem? Bra. Diverre har IV av uforutsette hendingar uteblitt i dag, men vi reknar med ho kjem sterkare tilbake neste gong.
EV: Det er ikkje plass i luftegarden no, men vi klarar oss vel fint inne. Koseleg lokale, litt merkeleg kjensle av kjettingen som heng over hovudet mitt?
SD: Jeg tror vi går for en liter sangria jeg, blir du med på det Torunn?
T: Ein liter sangria går nok veldig bra! Det kan ikkje slå feil, gode sommarminner.
Ei velfyld brødkorg, aoili og vatn kom snart på bordet og drikke vart bestilt.
MO: Litt treig service synest eg, men vi får håpe det går seg til. Eg er eigentleg ganske fornøgd berre eg får brød og aoili eg.
EV: Då bestiller vi berre 2 tapas kvar og så deler vi alle saman? Så bestiller vi heller meir om vi går tom etterkvart.
Ymse tapas vart bestilt, og praten gjekk livleg rundt bordet medan vi venta på at maten vart ferdig.
SD: Tallerkner? Skal ikke tapas serveres i små keramikkskåler slik de skryter av på hjemmesiden?
MO: Jo, dette var eit minus.
EV: Ei kyllingklubbe? Korleis skal vi dele det liksom?
MO: Og potetene samla i same skål endå det er ein porsjon med aoili og ein med tomatsaus? Dette vart heilt feil.
Maten var likevel tilfredsstillande, og gjekk fort ned så vi var raskt klare til ny bestilling. Servitøren lovde å hugse dei 4 rettane vi ville ha, men etter å ha venta i nærare 30 min ga vi opp og spurte ein annan servitør om når maten kom på bordet. Det gjekk knappe 5 minutt etter det så kom det rykande varme poteter og svinefilet samt manchego og serrano på plass, noko som nok tyder på at servitør nr 1 likevel hadde gløymt oss.
SD: Dette var da veldig mye serrano!
T: Ja, dette ser mest ut som 2 porsjonar.
EV: Kanskje dei kompenserte for å ha gløymd oss?
T: Det var verdt det. VELDIG god skinke! Mmmm!
Alle stemde i at det var ei særs god serranoskinke, og osten forsvann også i fin fart.
Karakter: M -
Lokalet er spesielt og har ei fin historie, noko som er positivt. Litt trangt mellom borda, men vi har opplevd verre. Ok service, minus for å ha gløymd oss ei periode og at eindel tapas kom på vanlege tallerknar. Også minus for å mangle grøntfôr. Men absolutt god mat, serranoskinka var toppen av kransekaka for vår del og vi kunne lett ha ete meir av denne. Dette er ein stad vi kan besøke igjen, kanskje på uteserveringa i luftegården?
Det mangla ikkje på samtaleemner rundt bordet, og MO kunne kome med særs unyttig men interessant kunnskap når det gjaldt ord og uttrykk av ymse slag. Det syner seg også at EV har ein tilnærma mytisk status i arbeidsmiljøet til SD ? og den har ho tenkt å behalde inntil vidare. Ellers fekk gjest Torunn inngåande referat frå tidlegare fusgurering, og ho er godkjent som konsulent og god debattant. Ho er absolutt verdig meir fusgurering i framtida, om det skulle høve seg slik.
Brukeranmeldelser
All of these article
Zaiya 25.12.2016
All of these articles have saved me a lot of hehsecaad.
god stemning
MO 28.03.2011
også her har vi hatt sommarfest, + at eg har vore her privat. Gode porsjonar til ein rimeleg penge, god stemning og bra takhøgde - dette er ein uformell stad som har gode tapas
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024