Ein særs varm maidag våga vi oss til vestkanten i håp om å finne den ultimate burgeren tilgjengeleg i Oslobygda, og Kverneriet stod for tur.
MO: Høgt under taket, men litt varmt? Og litt i overkant "kul" musikk som dunkar i veg..Høyrer jo knapt kva dåkke på den andre sida av bordet seier!
Astri: Trur ikkje det er av di musikken er så høg, men akustikken er verkeleg ikkje optimal.
SD: Så at de har stengt om sommeren, kan det være fordi de ikke har ventilasjon?
Astri: Vestkanten er vel ikkje staden du vil henge om sommaren, sikkert lågsesong. Men varmt er det her, ja.
MO: Eg vil gjerne smake på chili cheese og laukringar, men orkar ikkje heile porsjonar. Nokon som vil dele?
SD og Linn vart med på deling, som passa bra sidan det var 3 stk i kvar porsjon - og vi fekk bestilt ganske kjapt.
MO: Skal vi dele litt pommes på bordet også, kanskje? Dei har fått mykje skryt for sine trøffelfries, så det har eg lyst å prøve.
IV: Eg er med på det, skal vi kanskje ta ein porsjon av kvar fries-variant? Då vert det tre porsjonar på bordet, delt på 5?
Som sagt, så gjort og ein vanleg porsjon, ein med parmesan og ein med trøffel og persille vart bestilt.
Det drøyde litt med forrettane, og dei kom også utan tallerknar eller bestikk så det fekk vi spørre om. Det burde ikkje vere naudsynt når vi har sagt vi vil dele, men slik vart det no.
Linn: Mmmm den chili cheesen var utruleg god! Sterk, men god.
SD: Den var god men altfor sterk for min del.. løkringen var veldig god, da.
MO: Den var sterk, men passa meg ypperleg! Deileg!
Så kom maten omsider på bordet. Linn og Astri gjekk for burger type The Boss, Monika gjekk for Umami, medan SD og IV valde spare ribs - SD i form av hovudrett med coleslaw, IV som smårett i følge med ein salat. Og så kom det 3 vaksne porsjonar med friterte poteter.
SD: De potetene med trøffel smaker jo INGENTING. De er bare steinharde?
MO: Ja sjå, over halve skåla er jo berre småbitar som er fritert til det ugjenkjennelege?
Vi ga beskjed om dette til servitør, som ikkje unnskyldte men sa noko om at det gjerne vart hardt når ein venta litt med å ete opp. Sjølv om vi påpeika at det var småfnøs som aldri hadde vore mjuke i utgongspunktet. Ho sa ho kunne spørje om kjøkenet kunne lage ein ny porsjon, men sidan vi då straks var ferdige og hadde meir av annan type att, så vart det eit nei på det.
MO: Burgaren min var veldig god! Til og med soppen smakte godt, altså, soyainfusert shitake går altså ned.
Linn: Ja burgeren var utroleg god, eg slit med å få plass til alt - glad det ikkje berre er eg som droppar topplokket på burgaren...
SD: Spare ribsen var både og - flere biter var veldig møre, men noen var seige og harde - de bare hopper jeg over. Men veldig god sånn glaze, altså.
Astri: Ja, eg vil kanskje seie den var hakket betre enn på Lucky Bird, faktisk.
IV: Det var i alle fall nok med mat for min del.
Alle måtte takke nei til dessert, sjølv om MO hadde særs lyst å prøve ein milkshake med chocolate fudge brownie var det rett og slett ikkje plass til noko på toppen av frityrmåltidet.
MO: Fritert og feit mat er veldig godt, men eg har liksom fått dosa for ei lang stund framover. Fattar ikkje at folk kan leve på sånn mat fleire dagar på rad..
Etter to feite fusgurar på rappen, vart det fremja forslag om vegetarbesøk neste gong.
SD: Jeg kan lett spise vegetarmat, bare jeg får litt kjøtt til!
Karakter: G
Lokalet er litt stressande, og vi sakna ein kompensasjon eller i alle fall ein seriøs unnskyldning eller tilbod om kaffe på huset grunna ein ubrukeleg porsjon fries. Vi kan i alle fall ikkje anbefale korkje trøffel eller parmesan-variantane, men burgeren og spare ribs er innafor. Det er nok uansett ikkje ein stad vi kjem til å besøke igjen, vi har fleire stader i Oslo vi tykkjer er betre, både på miljø, mat og service. Når det er sagt, er chili cheesen deira av dei betre vi har smaka nokon gong, og vel verdt eit forsøk om du er i nabolaget!
Brukeranmeldelser
You really saved my
Issy 25.12.2016
You really saved my skin with this inioomatfrn. Thanks!
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024