Fusgur logo

Lucky bird

Mars 2016

Lucky bird

Beliggenhet:   Grünerløkka
Kategori: Sørstatsmat
Mat: 5.005.005.005.005.00
Service: 4.004.004.004.004.00
Miljø: 4.004.004.004.004.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Med fleire ute av drift i fusgur for tida, karra vi oss likevel til området ved Mathallen i lag med eit par konsulentar, og var klare til å prøve oss på friterte godsakar på Lucky Bird. MO: Koseleg lokale, då, båsar er hyggjelege om enn ikkje så veldig praktiske.
Astri: Eg gjekk jo rett forbi, var ikkje heilt sikker på om eg skulle inn på Mathallen eller ikkje.
Bente: Nytter jo ikke å banke på vinduene, har sett flere kjentfolk men det lager jo ikke noe lyd når jeg banker!
MO: Eg har eit stort problem, eg er supersvolten og har lyst på ALT!

MO og SD gjekk for smårettar i rein tapas-stil, og gjekk for maisstuing, mash and gravy, kyllingkrokettar og friterte søtpoteter, og kvar sin bit med fritert kylling.
SD: Jeg tror det er nok, men om det blir for lite så kan vi vel bare bestille mer?
Bente bestilte en liten salat og søtpoteter, med håp om å få smake på potetmos med saus og maisstuing, medan Astri valde ein halv sparerib med friterte søtpoteter til.

Servitøren snakka sjølvsagt ikkje norsk, men vi er alle relativt stø i engelsk så det gjekk seg til. Litt minus for heile bransjen at folk ser ut til å ha mista norsk som eit alternativ, eigentleg. Men han var hyggjeleg nok, og maten kom på bordet til rimeleg tid.

SD: Vil du ha bryst eller lår?
MO: Spelar inga rolle, det er jo fritert uansett.
Sidan MO og SD valde å dele ein kjøtporsjon, fekk dei då 2 bitar servert - eit fritert bryst og eit lår.
Til fekk dei smoked pinapple sauce, som synte seg å vere veldig god. Vi fekk det same til kyllingkrokettane, i alle fall kunne ikkje vi kjenne skilnad.
SD: Kyllingen var litt tørr, bare?
MO: Min var ikkje tørr, men eg fekk jo låret - men ein bør jo klare å fritere seg til saftige bryst også, vel?

Bente og Astri bestilte ekstra saus til sine rettar, Astri ønska seg Lucky Bird majones og Bente ville prøve seg på triple honey. Diverre tok dette så lang tid at Astri måtte avbestille då ho fekk god tid til å ete opp før sausen kom.
MO: Det må jo vere sausar som er klare på bakrommet og berre til å helle opp?
SD: Ja de var jo kalde, så man skulle jo tro at det står en bøtte av hver, liksom.
Astri: No er det uansett for seint, eg ville jo ha den TIL maten medan eg framleis hadde mat att.. Men spareribsen var veldig mør og god, altså. Rakk meir enn nok med ein halv porsjon!
Bente: Jeg vil fortsatt ha min saus, da.
Triple honey kom på bordet med beklagelse om at kjøkenet hadde så mykje å gjere, men vi trur kanskje det heller var vi som vart gløymt - ein kald dipsaus bør vere tilgjengeleg også for servitøren å gi ut på ønskemål.

MO og SD våga seg på å dele ein dessert, key lime pie måtte jo vere midt i blinken!
Det synte seg å vere feil.
SD: Den smaker liksom så lite?
MO: Den var heilt grei, men dei kunne med fordel ha klaska i meir lime. Det var ikkje verdt pengane.
SD: Ikke kaloriene, heller.
Astri: Har ikkje plass til å prøve ein milkshake, i alle fall...

Karakter: M
Maten var god, det er jo snakk om høgkalorimat med mykje frityr på menyen, men absolutt ein stad vi kan ta med oss svoltne mannfolk til. Desserten kan du ta ein annan stad. Lokalet består av båsar og høge barstolar, vi er ikkje fan av å innta mat og sitje lenge og prate på høge stolar, så ein bås er å foretrekke. Hyggjeleg, men distre, servitør - men lite å utsetje på opplevinga. I sin kategori er Lucky Bird vert eit besøk, så kan Grete Roede ta seg ein bolle og halde seg heime.




Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
This is just the pef
Denisha 26.12.2016

This is just the pefrcet answer for all of us

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no