Ein kjøleg tysdag i slutten av februar valde vi å gå inn der peppern gror for å varme oss! Med relativt fullt lokale var det bra vi hadde bestilt bord.
SD: Det er LITT trangt her, jeg har sagt fra at vi blir bare 5 men tror ikke de hadde fått beskjeden.
MO: Bra det ikkje sit nokon på bordet ved sidan av, det hadde faktisk ikkje gått.
SD: Den som er kald, får sitte ved vinduet og "oppå" ovnen.
Bente: Da setter jeg meg her! Jeg er kald ...
Vatn kom i glasa, som var tinnkoppar meir enn glas, og meny var på plass og alt gjekk kjapt unna. Det kom også noko som minna om baconsvor med konditorfarge, som visstnok var fritert mel og ris, med 3 ulike dipar til. Alltid greit med noko "frå kjøkenet" å starte med!
IV: Eg er jo ikkje glad i indisk ... det får bli kylling og pommes fra barnemenyen, då.
EV: Hm. Eg trur det får bli lam, og håpar det ikkje er altfor sterkt med medium styrke. Rogan Josh høyrest bra ut.
SD og MO gjekk for street food, og delte ein wrap, challi, gol gappe og chicken 65. Sistnevnte skulle vere spicy, men SD fann ut ho fekk leve litt farleg i dag og var klar til å prøve!
Bente var trygg på at klassiske dal var det som skulle til for ho.
Maten kom i høveleg tid, og dei smårettane synte seg å vere meir enn nok for 2! IV fekk også ca dobbelt så mykje kylling som ho klarte å ete, og fekk også smake litt sausar her og der for å freshe opp retten sin.
SD: Skulle vi ha begge sausene oppi den gol gappe-saken ...?
MO: Ja, det trur eg. Eg køyrer på, i alle fall. Spanande!!! Og godt!
Bente: De så virkelig gode ut.
EV: Eg vart nesten misunneleg av å sjå på alle rettane dykkar! Skal eg tilbake blir det nok street food heller enn ein hovudrett, ja. Men lammet mitt var ganske mørt, i alle fall. På grensa til for sterkt, som er heilt perfekt for meg. Sakna eigentleg den litt kvalmande, kremete sausen som er i mange indiske rettar. Men då skulle eg vel vald ein annan rett. Dette var ein friskare versjon i form av ein slags tomatsaus. Sikkert lurt og meir autentisk, som dei skryt på seg.
Bente bestilte også nanbrød med ost og koriander, og delte raust på bordet så alle fekk ein liten smak.
MO og SD gomla i veg på sine smårettar, og etter kvart vart det meir okking og stønning på MO som berre MÅTTE ha dei siste bitane av chicken 65.
SD: Jeg var jo redd den kyllingen skulle være for sterk, men den var jo overhodet ikke sterk. Ble litt mer sånn sweet chili, på en måte, med den kokosen.
MO: Nydeleg! Trur det vart favoritten. Artig å prøve ny mat.
SD: Skal vi ha dessert? Fikk litt lyst på søtt.
MO: AAAAAAA nei..... trur ikkje det blir noko sånt på meg...
SD: Innser nå at jeg tok feil. Det ville vært galskap å spise mer nå. Det går over!
Det må også nevnast at det rundt bordet oppstod politiske diskusjonar om både det eine og det andre, det er mange år sidan sist! Har vi byrja vårt samfunnsengasjement i sein alder?? Tiden får vise!
Karakter: M -
Av det vi prøvde, var det nok gatematen som vann fram. Dal var ikkje av dei beste, men Rogan Josh var bra og lammekjøtet supermørt. Men alt i alt spanande og utypisk indisk slik vi er vane med det, kan anbefalast å prøve. Hyggjeleg lokale, hyggjelege servitørar (sjølv om MO vart tvinga til å prøve å uttale namnet på rettane ....) og god mat. Fine toalett er gøymde nede i kjellaren, heilt i enden av gongen, og barnevognar får ikkje plass i restauranten - men det er no heilt ok, det også. Vi kjem lett attende for fleire matopplevingar!
Brukeranmeldelser
You saved me a lot o
Marsue 25.12.2016
You saved me a lot of haslse just now.
Fornøgd familie
MO 23.08.2016
Tok med mann og born, særs nøgd med street fooden - spesielt chicken 65 freistar. Fekk mini-mango lassi til minsten som bonus frå kjøkenet, noko han ikkje sa nei til og grov fingrane langt ned i den gode lassien. Born velkomne, det var veldig bra!
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024