Fusgur logo

Justisen (nedlagt)

Januar 2016

Justisen (nedlagt)

Beliggenhet:   Oslo Sentrum
Kategori:
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 2.002.002.002.002.00
Miljø: 5.005.005.005.005.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Trass heftig kvinnefall i fusgur, kom vi oss til Justisen med heile 4 personar rundt bordet til slutt. Justisen har vore stengd i 2 år, og har no opna på nytt. MO: Eg kan knapt hugse korleis det såg ut her! Så fint det har blitt!
SD: Ja, det var veldig fint og koselig - men de har klart å ta vare på det gamle, på en ny og fresh måte, liksom. Husker vi hadde et Stammtisch her før...

MO og SD var uforskamma tidleg ute, og SD spurte servitøren etter nokre nøtter eller liknande for å dempe romlinga frå magen, som stadig tiltok i styrke. Det hadde han ikkje, men han hadde spekeskinker. Og vi var ikkje vanskelege å be!

På bordet kom spekeskinker, sennep, smør og brød. Utan forklaring på kva slags skinker det var snakk om, kunne vi raskt konstantere at det dreide seg om sau, svin og ei slags mørpølse.

Etterkvart kom resten av følget, og vi kunne lukkeleg bestille- trudde vi! Men det skulle vise seg vanskeleg, då det meste av menyen faktisk ikkje var å oppdrive. Vi kom i mål til slutt, SD fekk piggvar, Astri gjekk for kveite, MO ønska svinenakke og -kam men den var borte så ho fekk hovudretten frå tre-rettaren som også hadde svinenakke på menyen, og SJ fekk fish and chips kor poteten var bytta ut med søtpotet.

Astri: Søren, eg hadde jo sett meg ut den breiflabben. Dumt dei ikkje har alt på menyen!
MO: Dei burde jo ikkje lagt ut menyar der minst 3 hovudrettar faktisk ikkje er tilgjengeleg?

Maten kom på bordet i høveleg tid, og dei svoltne magane fekk noko å jobbe med.

MO: Veldig mør svinenakke!! Og godt tilbehør, eg har ikkje noko å utsetje på dette, altså. Ikkje største porsjonen, men det rekker.
SD: Piggvaren var også god. Det var den visschyoissen også, en god fiskesaus rett og slett.
SJ: Båda fisk och sötpotatischipsen va god - var så god, smaka om ni vill.

Det ville vi sjølvsagt. Søtpotet er ein god erstatning til vanleg potet, også i fritert format.

Etter middagen, prøvde vi å få bestilt dessert og nokre koppar te. Det tok litt tid før vi fekk hanka inn ein servitør, som diverre kunne fortelje at sjokoladekaka HELLER ikkje var på menyen.. Forklaringa var at dei skal skifte meny, så difor har dei ikkje alt på menyen tilgjengeleg.

MO: Dei burde då ha vurdert å henta inn alle menyane som ligg på borda, og heller klaska opp ei tavle. Eller kva?
Astri: Heilt klart. Det er jo for dumt å ikkje ha meir enn 50% av det som står på menyen.
SD enda opp med ein dessert frå 3-rettaren, som var kvede med rørosrømme.

Han forsvann også før han fekk ta bestilling på te, men vi huka tak i han nok ein gong. Han var ikkje ansvarleg for kaffe og te, så han kunne heller ikkje svare på kva slags grøne og svarte sortar som var mogleg å oppdrive- og svarte kontant "grønn te." Ja, det er jo greit - men KVA slags grøn te? "Grønn."
Heldigvis fekk han tak i nokon med peiling, og vi fekk bestilt te.

Alle fekk smakt desserten, som var god nok den, men ikkje erstatning for sjokoladekaka!
Astri: Det ser ut som vi irriterar servitøren vår, rett og slett. Det bør jo vere naturleg å kunne spørje om ting?
SD: De står jo ved baren og enser oss ikke en gang. Setter de opp ny meny, mon tro? Jeg er jo usynlig for servitører uansett, altså.

Vi var alle ganske usynleg. Kan det vere at 2 fråfall var irriterande, sjølv om vi sa frå på førehand? Kan det ha vore ein dårleg dag? Liker han kanskje ikkje å servere? Kven veit.

Karakter: G
Maten var grei nok, heilt innafor. Lokalet er særs koseleg og innbyr til å sitje lenge, minus for toalett ute i bakgården - men det er vi vant med frå forrige Justisen. Skulle gjerne sett at toaletta vart betre reingjort, då. Litt dumt at folk som et ute skal føle at dei irriterar servitøren, rett og slett forstyrrar dei i arbeidet. Slik skal det ikkje vere! Folk bør vere klar over kor mykje nett deira sin oppførsel mot kundane har å seie for eit restaurantbesøk og at ryktet deira kan henge i ein tynn tråd ganske kjapt.. Det er heilt klart negativt å heller ikkje kunne tilby alt på menyen, spesielt når det er snakk om fleire retter. I dette tilfellet kunne vi telje i alle fall 4 rettar som IKKJE var mogleg å oppdrive. Skjerpings! Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
Thanks for spending
Tracen 25.12.2016

Thanks for spending time on the computer (wtrniig) so others dont have to.
0.000.000.000.000.00
Framleis litt trøbbel
MO 08.02.2016

Var der på nytt i privat føremål, men framleis var dei i ferd med å skifte meny og endå fleire ting var utilgjengeleg. I tillegg gløymde dei å seie frå om at det ikkje var søtpotet (som menyen seier) men vanleg potet som følge til fisken! Vonar dei får orden på ting snart, det er såpass hyggjeleg lokale med god mat at dei lett burde klare å få bukt med desse småproblema.

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no