Fusgur logo

Onda Grill (NEDLAGT)

Desember 2015

Onda Grill (nedlagt)

Beliggenhet:   Aker Brygge
Kategori:
Mat: 5.005.005.005.005.00
Service: 3.003.003.003.003.00
Miljø: 4.004.004.004.004.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Årets julebord for fusgur tok oss til Onda Grill på Aker Brygge, ein stad vi lenge hadde tenkt å vitje men aldri fått til å klaffe - no var vi klare til å flotte oss!


MO: Det er jo som å sitte midt i bålet, luktar verkeleg grill.
EV: Det kan vel love bra?

Servitøren kom og presenterte menyen, og anbefalte varmt "sharing menyen" (eller delemenyen, som vi nordmenn ville sagt ...) der vi på 4 serveringar skulle få ein smak av det beste kokken kunne by på. Då gravide ikkje kan ete spekemat, sørga kokken for ekstra mange kongereker i serveringa for å oppvege for dette. EV var sugen på suppe og lammekjøt, og gjekk for denne før vi i spaning venta på første rett.

På bordet kom første servering med kamskjell i sashimiversjon, kongereker i kvitlauk og chili og laksetartar.
SJ: Det var en mycket stor portion reker! Dom va rätt så goda, faktisk.
IV: Ja dei har vore rause med rekene, men dei skulle jo kome med litt ekstra sidan du ikkje kunne godte deg med spekemat.
SD: Er det kamskjell? Sa hun ikke laksesashimi?
MO: Usikker. Men laksetartar sa ho i alle fall, kanskje vi berre har tenkt litt feil?
SD: Den suppen så utrolig god ut!
EV: Ja, den var ganske så mektig også. Grei smak, men rar brufarge. Og den smaker ikkje blomkål. Litt merkeleg med lauk oppi.

1.servering var heilt klart ein suksess, og det var plenty med mat. Neste servering var rett rundt hjørnet, og kunne by på ein breasola og ein norsk spekepølse samt norsk ost og litt aioli til.

SJ: Det var inte så mycket aioli, men jag tar lite ost og litt bröd, i alla fall.
SD: Den breasolaen var veldig god!
MO: Og osten var også god, eg er nøgd enn så lenge.

3.servering bestod av 3 kjøtbitar- svin, lam og oksekjøt, og EV fekk sin lammecarré samstundes.

MO: OJOJOJ så mørt lammekjøtet var! Det skal eg spare til slutt.
SD: Det var helt nydelig. Og sausen var veldig god, også.
EV: Eg klarar ikkje ete alt, trur eg ... Angrer på eg åt to brødskiver til suppa! Dei har vore raus med kjøtet. Fire store stykker lammecarré er meir enn nok for dei fleste.

Etter at alle hadde ete opp, fekk vi vente litt ekstra på desserten - etter eige ønske. Her måtte maten få sige litt på plass før vi tok sats vidare...
Desserten kom på bordet og bestod av ein minimakron, mini sjokolademousse og små konfektbitar samt kanelsorbet.

IV: Eh, det smakar verkeleg kanelbolle.. ikkje ein favoritt, der altså.
MO: Nei, det er det nok ikkje for meg heller men det var veldig julete og litt morosamt.
SJ: Och vart är färgen på kanelen? Det är jo en vit sorbet?
SD: Merkelig. Visste dere at man ikke kjenner kanelsmak om man ikke lukter den?
Alle kneip seg over nasten og smakte, og sant nok - kanelsmaken var borte i det nasen var inntrykt og ute av drift!
SD: Men, ingen har spurt oss om vi vil ha meir å drikke.
MO: Dei går verkeleg glipp av meirsal når dei ikkje gjer det. Vi kunne ha drokke fleire flaskar om vi fekk tilbodet! Ikkje at vi skulle gjere det, men vi har faktisk ikkje fått spørsmål ein gong.

Karakter: M
Lokalet var litt vanskeleg å finne, om ein ikkje har vore der før, men veldig koseleg. Det var litt i overkant mykje bållukt, men slikt blir ein fort van med. Delemenyen kan trygt anbefalast, og har ein svoltne menn i følgjet, så blir dei garantert nøgd! Her var det mykje mat til ein ok penge viss ein er sugen på både tapas og mat frå grillen. Litt minus for litt treig service innimellom, og ikkje ein einaste gong vart det spurt om vi ville ha meir drikke utover den aperitifen vi drakk i starten. Her burde dei klart skjerpe seg, men klart - hadde vi vore særs tørste, ville vi teke ansvar sjølv så dette er for småting å rekne. Vi kjem gjerne att på privaten!

Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
6-21-2008 No se p
Diandra 26.12.2016

6-21-2008 No se puede ser tan audaz! Alice in Chains y Iron Maiden compitiendo en la misma can­­orÃgÂea?Realmette esto es lo mas absurdo que he visto en mi puerca vida.Y yo yambien culpo a MTV. Las nuevas generaciones estí¡n saliendo sin un í¡pice de cultura musical. Es por eso que se dan cosas como la que Guillermex expuso en su post

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no