I eit guffent november-Oslo var det godt å kome innandørs på den vesle restauranten i Hausmannsgate, som reklamerer for elegante, rustikke og generøse måltider.
Astri: Eg går jo forbi her fleire gongar i veka, og har aldri sett at det har vore ein restaurant her ein gong? Kor lenge har den vore her?
MO: Nei, den er ganske anonym, eigentleg. Men koseleg og lite, enn så lenge bra atmosfære.
EV: Den kom tidlegare i år. Er visst ein franskmann som driv den. Eg trur faktisk han er servitøren vår i kveld.
SD: Jeg vet ikke helt hva jeg skal ha.. det er liksom kyllingen de er kjent for, det ser ut til at det er den de har på nabobordet - en hel kylling? Kan det stemme?
EV: Rause porsjonar, ja! Men, eg er glad i and, så eg trur eg går for and faktisk.
Med berre tre forrettar, hovudrettar og dessertar på menyen, så var det ikkje dei største valkvala. Ein kan dessutan velje 2 valfrie rettar frå menyen til 325 kr eller 3 rettar til 425 kr. Servitøren kom bort for å ta bestillingar, og det tøffaste valet var kor vidt vi gjekk for forrett eller dessert i tillegg til hovudretten,
SJ: Luktar den ribben mycket svin...?
Servitøren: Eh, det er jo svin så... hvordan det?
SJ: Jag är muslim, skönner du så...
Servitør: Jeg trooooor det går dårlig å spise svin uansett hvor mye det lukter....
SJ: Nej då, jag bara skojar - jag är gravid och vät inte om jag orkar lukten. Jag får ta kyckling!
Vi fekk alle ledd litt. Og så gjekk SD forrett, ein terrine med sopp og foie gras, og vona det ikkje var skurkete fois gras. Vi andre sat og venta på hovudrettane, 3 gjekk for and og 2 for kylling.
SJ: Jag tror inte jag orkar en HEL kyckling! Men, den var veldigt saftig. Gott!
SD: Det var mye mat her, men jeg holder en knapp på andebrystet her, faktisk. Ble litt tørr, min kylling.
MO: Anda var veldig god, i alle fall. Eg er særs nøgd.
EV: Artig med grilla kål til også!
Astri: Ja, det var litt crispy, rett og slett.
Det var nok mat til at alle fekk smake litt her og der, og framleis var det spor av kylling på tallerknane. Men, det sette ikkje stoppar for dessertlysta, og medan Astri og MO våga seg på profiteroles, gjekk SJ og EV for
moelleux – fransk sjokoladefondant.
Når det kom på bordet, kunne vi raskt konstantere at fondanten var ein suksess - den var nett som den skulle vere, god og flytande inni. Det er jo ikkje alltid det er tilfelle. Tilbehør var det same som til profiteroles, peanøttis. Og dei var også SÆRS gode!
Karakter: M
Store porsjonar, her kan ein godt ta med svoltne mannfolk som vert godt fornøgde. Litt trekk for litt tørr og keisam kylling, men anda var perfekt og dessertene var også rause. Vi kan lett ta ein tur tilbake på privaten.
Brukeranmeldelser
At last! Someone wit
Dweezil 25.12.2016
At last! Someone with the insight to solve the prleobm!
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024