Fusgur logo

Cargo

Oktober 2015

Cargo

Beliggenhet:   Sørenga
Kategori: Italiensk
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 3.003.003.003.003.00
Miljø: 5.005.005.005.005.00
Pris: 5.005.005.005.005.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
For første gong i fusgursk historie var det på tide med ein tur til vår nye bydel, Sørenga, for å teste serveringstilbodet.

Enn så lenge er det ikkje berre berre å kome seg til Sørenga om ein ikkje er kjend. Enklaste og kortaste veg frå Oslo S går via Operaen, bort til Sukkerbiten og over ei bru (noko vaklevoren, den er ikkje særs vennleg mot barnevogner og andre rullande farkostar), som i nattemørket heldigvis er opplyst av fleire lampar. Den strabasiøse ferda førte til eit fråfall i oppmøte, men litt svinn må ein vel rekne med i haustmørket.

MO: Veldig fresht og fint lokale, då.
SJ: Det är jo helt nytt. Jag såg i tidningen at dom har litt eyecandy på köket också, det är vel aldrig dumt?
Astri: Nei, flotte kokkar er vel heilt ok.
EV: Berre dei kan å kokkelere, så. Tenk kor fin utsikt det er ut mot fjorden i dagslys! Synd det er mørkt no.

Servitøren kom med vatn i alle glas, og tok imot bestilling på drikke før maten. Så snart alle var på plass, fekk vi vinka til oss mannen igjen – som diverre ikkje snakka norsk på nokon slags måte. Heldigvis er vi stø i engelsk, elles hadde det vore ei anna oppleving.

MO: Eg feirar i dag, så eg går for tre rettar!
MO sette i gong ein trend med smårettar, som enda i at SJ bestilte pizzabrød, EV og MO bestilte friterte risbollar og Astri gjekk for gratinert sopp. Då det kom på bordet, delte alle villig.
EV: Sa ikkje servitøren at det var i storleiken snack? Dette er jo mat ein lett kan dele!
MO: Jupp, han sa jo det. Det er jo smårettar, men klart større enn ein klassisk forrett.
SJ: Jag klarar inte äta upp allt det her ... men det var riktigt gott!

Vel nøgde med forretten/snacksen/småretten, venta vi i spaning på hovudrettane. MO og SJ hadde satsa på risotto med sjøkreps, Astri gjekk for lam med ovnssteikte poteter som tilbehør og EV tok gratinerte gnocchi.

MO: Med forrige gongs fadese på risottofronten i minne, tek eg ein sjanse på å prøve igjen.
EV: Det var jo ikkje risotto vi fekk sist, det var jo berre steikt ris!
MO: Dette var utruleg godt!! Det smakar verkeleg sjømat, eg er SÆRS nøgd.
SJ: Det blev lite vel mycket sjö förr mig, men det är nog inte kockens fel.
EV: Gnocchien var særs mjuk og fin. Dei har vore raus med ost her – den har mykje, herleg smak. Til å vere vegetarmat var dette bra.
Astri: Det var himla mykje poteter til. Synest det er dumt at ein må bestille tilbehør til hovurdrettane, kunne ikkje berre dei komponert det som passar best?
EV: Men då kan dei jo ikkje sette opp prisen tilsvarande. Dette gjer nok at dei tener meir pengar, vil eg tru.
Astri: Ja, men det er jo poteter nok til to personer i den porsjonen her?

Vi vart alle mette og gode, men med feiring i minne, ville MO ta ein kikk på dessertmenyen.
MO: Er det ikkje vanleg å spørje om folk vil ha dessert når dei ryddar av bordet etter hovudretten?
Astri: Heilt klart. Dei har liksom ikkje vore innom oss så mykje, føler eg, det er ikkje berre enkelt å få tak i servitøren.
EV: Dei ville kunne solgt mykje meir om ein fekk spørsmål om kaffe og/eller dessert. Dette burde bransjen lære betre.

Diverre kunne dei meddele at kaka med 7 ulike sjokoladetypar, var utseld. MO valde derfor ein sjokolade- og ricottamousse, medan SJ slo til på ein romdynka kake med sorbet til.

MO: Himmelsk!! Eg er stappmett, så berre å smake dei som vil, men denne var utroleg god. Nam!
Alle kunne vere samde i at dette var ein god dessert.
SJ: Jag hadde förr meg at det var en annan typ äfterrätt jag beställde, men den var jo god. Veldigt söt, men god.
EV: Cappuccinoen kom med ei lita julesmakande kule til. Pluss i margen!

Diverre var det nok ein gong litt vanskeleg å få merksemd for å få gjere opp rekninga. Ikkje ein gong når vi hadde fått på oss jakker og luer, kom det nokon springande.

MO: Eg hatar verkeleg å måtte vente på å få betale ... neste gong ber vi om rekninga når vi får servert siste rett.
Astri: Dei trur kanskje folk sett pris på å sitje og prate litt medan ein let maten synke.
MO: Vel, no har vi prata frå oss, og maten har lagt seg.

Karakter M
Lokalet er ope, nytt og fresht. Maten er absolutt god, vi fekk aldri smakt pizzaen, men den såg god ut den også. Minus for servitør som ikkje kan eit ord norsk, noko vi føler er eit minimum er å lære seg menyen, om ikkje anna. Også minus for litt treig service. Med lite press i lokalet bør ein kunne svinge innom med jamne mellomrom for å by på meir drikke, blant anna. Når det er sagt, er det ein stad vi lett kjem attende til på privaten.

Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
Sorry I can’t
Xandy 26.12.2016

Sorry I can’t help you with any information on an ironer. I do know someone who recently bought a vintage (late 40s, early 50s) Ironrite mangle in working condition for $75.00.I think there is a book about ironers but I don’t know where you would find it.I only have kitchen collectibles – there are people who collect laundry collectibles but I’m not really knawoedgelble about them.
0.000.000.000.000.00
Bra!
MO 23.08.2016

Vore attende på privaten, og smårettane var framleis særs gode - og denne gongen var servicen på topp. Eit lite minus for å seie at risbollane var vegetarisk, då 50% av dei inneheldt kjøt, men det vart ordna opp i.

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no