Fusgur logo

Chocolat (no Den Glade Gris)

Mars 2007
Chocolat (NEDLAGT)

Beliggenhet:   St. Olavs gate 33
Kategori: Lunsj, chocolatterie
Mat: 3.003.003.003.003.00
Service: 1.001.001.001.001.00
Miljø: 2.002.002.002.002.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 2.002.002.002.002.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
OBS! ETTER AT HELLSTRØM I 2009 FAUK OVER RESTAURANTEN, HAR VI IKKJE LENGER GRUNNLAG FOR DESSE STJERNENE. VI HÅPAR Å VITJE RESTAURANTEN IGJEN, OG SJÅ TYDELEG FORBETRING.

Marsmøtet stod ei stund i fare for dårleg oppmøte grunna svak helse hjå fleire, men til slutt var den harde kjerne samt ein konsulent samla på Chocolat, ein fransk restaurant med eigen sjokoladeproduksjon som vi glatt innrømer var grunnen til besøket.

MO: Milde himmel, litt av nokre påskeegg!
IV: Men kvifor kan dei ikkje lage litt mindre variant, litt billegare? 245 kr for eit påskeegg er liksom litt i overkant.
SD: Skal vi stå her og vente lenge eller?

Det tok 5 min før ein servitør tok seg av oss og viste oss til vårt bord, og diverre skulle det ta ytterlegare 20 min før ho kom for å ta opp bestilling.

MO: Ok, det er berre ei på jobb her så eg forstår det blir litt vanskeleg å halde styr på alt med henting og bestilling og kaffelaging. Men dersom det ikkje kjem nokon innan 5 min, så foreslår eg at vi går ein annan stad.
SD: Ja, jeg er veldig sulten og vil ha mat. Hun går jo bare rett forbi hver gang! Hun har ikke spurt om vi vil ha noe å drikke engang?
IV: Eg er også svolten, har knapt ete sidan måndag så ho bør vere på plass snart.

Etter 20 min var altså servitøren på plass for å ta opp bestilling, og vi spurde vennleg kva dagens er sidan dei reklamerer for dette på heimesida. Svaret var Dagens? Vi har ingen dagens her vi?

EV: Eg prøvar meg på den jålefisken, pangasius- det høyrdes spanande ut.
MO: Jålefisk?
EV: Ja, fancy namn på ein fisk tykkjer eg.
SD: Jeg prøver meg på torsk. Er ikke fan av torsk, men nå fikk jeg lyst på.
Heidi: Jeg satser på en forrett og en smårett. Chevre og løksuppe, går det?
IV: Eg satsar på kjøt nok ein gong.

Servitøren forsvann utan å spørre korleis biffen til IV skulle steikast, noko som seinare skulle vise seg å vere ganske fatalt. Etter 30 min kom maten på bordet.

IV: Eh.. maten min er ikkje så veldig varm.. og biffen er jo rå inni!
SD: Fisken min ble nok stekt sist, for dette var varmt.
MO: Eg likar jålefisken merkar eg! Og den er varm.
Heidi: Suppen min er ikke akkurat rykende varm nei, dette var litt dumt.
EV: Heller ikkje min jålefisk var varm.. Dette var skuffande.
IV: Den kaka BØR vere god, for dette var ikkje bra nok.

Etter maten tusla vi bort til dessertbordet, der kakene stod på rekke og rad. Munnen bada i vatn, og vi plukka ut våre porsjonar med andakt.

MO: AAAAAA dette var godt! Eg er faktisk passe nøgd med fisk og gooood kake, men servicen er jo rimeleg elendig då..
SD: Buhuuu jeg ville jo egentlig ha sjokolade!
Heidi: Vel, dette ble litt for mektig for meg.. Vil du ha en kvart av min sjokoladekake kanskje?

Karakter: G-

Lokalet ber preg av cafèstilen, heilt ok men ikkje meir. Det er ikkje akseptabelt å la folk vente så lenge som vi gjorde både for å få bord, bestille og få mat. Og at maten er kald når den kjem ut på bordet og biffen rå, det er heller ikkje bra. Ikkje fekk vi avslag i prisen heller, det var rett og slett for lite med berre ein servitør på jobb som skulle ta alle kundar. Lokalet var langt frå fullt, men når servitøren også fungerar som barista, seier det seg sjølv at det kan bli litt i overkant mykje å gjere for ein person. Noko serviceinnstilling var det heller ikkje overflod av, og sjølv om maten var ok og kakene var gode kjem vi neppe attende hit. Det må vere for å kjøpe med seg eit stykke eller handlaga sjokolade, ellers var det faktisk ikkje verdt pengane i det heile teke.

Debatten rundt bordet dreide seg i stor grad om SDs kostbare og smertefulle tannproblem, det er mogleg gebiss vil vere einaste utveg om kort tid. Ellers brukte vi rett og slett lang tid på å klage på service og mat, utan at servitøren fekk vite så mykje om det anna enn at biffen rett og slett var for rå inni. Er det ikkje normalt å spørre korleis ein vil ha biffen steikt? Til helga vert det festivitas for EV, og alle er klare til dette. Det er mogleg skjørta blir ekstra høge denne helga, så vi får håpe på vårlege temperaturar for å unngå forfryste lemmar. Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
that very thing. You
Lorrie 26.12.2016

that very thing. You could say that we are making a mountain out of a mole-hill. But I’d counter that you are not giving it the senruosiess that such an incident requires. Nor is Obama or our media.Reply

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no