Fusgur logo

Nedre Foss Gård - før brannen

Juli 2015

Nedre Foss Gård

Beliggenhet:   Løkka
Kategori: Norsk
Mat: 5.005.005.005.005.00
Service: 5.005.005.005.005.00
Miljø: 5.005.005.005.005.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 5.005.005.005.005.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
I høve fusgurs 10-årsjubileum (!!!) var det invitert til stort kalas med ein del brask og rikeleg med bram denne særs blaute tysdagen i september. På menyen stod heile tre rettar, og smakslaukane bada i vatn, slik også heile Oslo såg ut til å gjere denne dagen. Leif: Bra ikke Nedre Foss har forsvunne i fossen med det ekstremværet som var meldt!
MO: Rein flaks! Vått er det, litan tvil om den saken. Men, inne varma det godt.
SD: Eh nei.. ingen vil sitte ved vinduet, det flommer jo iskald luft derfra!

Sant nok. Ved vindauget var luftkondisjoneringa tydelegvis framleis innstilt på sommartemperaturar og ikkje den bråe vendinga vêret hadde teke det siste døgeret. Gutane var gentlemen og tok dei kaldaste plassane, og fungerte som eit skjold mot den iskalde vinden. Trass i at jakker vart lagt over, såg det berre ut til å så vidt betre situasjonen.

Lokalet var særs hyggjeleg, noko høgt støynivå så det var ikkje det enklaste å føre ein samtale med dei som ikkje sat rett ved sidan av, men vi har vore med på verre. Menyen var dagens trerettars, med val mellom kveite og and til hovudrett. Kun Henning våga seg på røykt villkveite til hovudrett, resten av gjengen gjekk for and. Forretten var bakt ørret med selleri og blåskjel, og til dessert - sjokoladenemesis med solbær og pekannøtter.

Før fråtsinga tok til, vart det klirra i glaset og EV spratt opp på beina og haldt ein kort, men særs bra, tale vedrørande vårt 10-årsjubileum. MO, med særs god oppmøtefrekvens og over 100 restaurantbesøk, fekk også tildelt ein diplom med ny tilleggstittel - meistarframmøtar! Stor stas å bli heidra for innsatsen med referering og smaking gjennom eit tiår.

Vi fekk godt i glaset av endå ein hyggjeleg servitør, og maten kom på bordet til høveleg tid.

Leif: Dette er vel så nærme sushi man kommer uten at det er sushi?
MO: Eg synest det var nydeleg! Heilt perfekt!
EV: Det var verkeleg god ørret, lite å utsetje på denne. Kanskje vel mykje selleri på fatet, men så passa det no godt ilag.
Astri: Fantastisk godt. Vonar dei klarer å følge opp.
SJ: Mycket gott, vad har dom gjort med ørretten?
Solveig. Trur dei har bakt den, men usikker på kva det inneber.

Etter at forretten var fortært, og alle hadde fått tilbod om meir å drikke på, kom hovudretten på plass.

MO: Korleis var kveita, Henning? Var den i overkant vill? Veldig røykt?
Henning: Den var veldig god, ikkje så valdsam røykt smak, eigentleg.
SJ: Brukar inte anka komma i tunna skivor? Inte van med en så stor bit, men mycket gott.
SD: Jeg syns ikke den andebiten var så stor, men det er egentlig mer enn nok.

Heile gjengen gomla nøgd på andebryst, mørt og godt med gode og små poteter til. Nokre av potetene var visstnok berre på grensa til gjennomkokt, men sidan nokre poteter var litt for mykje kokt, vart det bra i snitt.

Så var det desserttid.

MO: DETTE er dessert for sjokoladeelskarar!
Astri: Ja, det må jo passe deg veldig godt?
MO: Liten tvil om det!
SJ: Chocklad passar vel alltid?
MO: Ikkje ueinig i det, nei.

Sjokoladekaka var av den tunge konfektsorten, perfekt i følge med syrlig solbær og vanilje.
EV sleit på slutten etter dette gode måltidet, ho byrja å bli kvalm mot siste bitane av kaka, men det er ikkje grunn god nok til å la god sjokolade ligge att på tallerknen!

Karakter: S
Samtalen rundt bordet gjekk om kva som var vår beste oppleving hittil i fusgur, og også verste. Det var vanskeleg å kome fram til noko konkret her, men vi er i alle fall samde om at dette besøket er på pallen! Små detaljar som iskald vind og nokre få underkokte poteter er det einaste vi kan pirke på. Vi fekk fortreffeleg service og særs god mat, og lokalet var også veldig koseleg. Feiringa innfridde heilt klart, og gjer det enkelt å fortsette i fusgur også framover. Hurra for oss, og vi er klare for nye 10 år!!! MINST!





Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
Great arceilt, thank
Takeo 25.12.2016

Great arceilt, thank you again for writing.

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no