Fusgur logo

Bistro Brocante (NEDLAGT)

Juni 2015

Bistro Brocante (nedlagt)

Beliggenhet:   Løkka
Kategori: Fransk
Mat: 3.003.003.003.003.00
Service: 3.003.003.003.003.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Ein solrik dag tok fusgur turen til ein gamal travar på Løkka, Bistro Brocante, for å sjekke kva vi kunne få av lekre, franske rettar. SD: Jeg klarte å huke tak i et bord ute - skal vi holde oss her, eller vil folk inn?
MO: Det er faktisk ikkje ei sjel inne, men ute var det jo god stemning og varmt sjølv om det er i skuggen.

Det vart til at vi haldt oss ute, og snart kom det ei servitrise som både var serviceinnstilt, blid og norsk. Sjeldan vare! Dagens tre-rettar freista fleire, og både MO, SD og SJ slo til på kamskjel med graskarpure til forrett, svinenakke til hovudrett og vinmarinert plomme med sjokolademousse til dessert. Bente fann ut at salat var dagens vinnar, og IV gjekk for det kjøtfylte alternativet - entrecôte, godt steikt.

SD: Kamskjellet er jo perfekt stekt!!
SJ: Men vad slags pure är det till?
MO: Ho sa det var graskar. På menyen står det gulrotpure, då, så eg er jaggu ikkje heeeilt sikker. Men godt var det!

Saman med hovudretten, kom også dei andre sine rettar på bordet.
Bente: WOHOOO skal vel ikke klage voldsomt på størrelsen på denne salaten, altså. Den ser nydelig ut!
MO: Denne svinenakken her var faktisk litt skuffande, særskilt etter den gode forretten. Litt seig?
SD: Min var veldig mør, i alle fall, jeg synes det var godt.
SJ: Mycket kött, vet inte om jag orkar allt..Vad slags sås är det? Känns som en form for sjy?
MO: Den var uansett litt smaklaus, føler dei kunne gjort mykje meir ut av det.

Det var store porsjonar, så her skulle vi ikkje gå svoltne heim! Men plass til dessert har ein alltids.

SD: Sjokolademoussen var utrolig god. Men, litt mye plomme og litt for skarpe kontraster kanskje?
MO: Einig. Altfor mykje plomme og litt merkeleg kombo, kunne lett klart meg med berre moussen.
SJ: Men det är inte förr dyrt med 345 förr tre rettar.
MO: Nei, men eg føler ein kan få like mykje for pengane andre stader. Vognmand, til dømes, der får ein også betre mat for ein god penge.
SD: Også Annen Etage har jo bare 399 eller noe sånt for sin 3-retters, og det er nok hakket over i nivå. Men, så er jo dette en fransk bistro også.
Bente: Jeg er VELDIG fornøyd! Denne salaten var enorm, og så så god!
IV: Biffen var vel ok, litt usikker på kva dette smøret er - er det persillesmør, tru?
SD: Vel, forretten var definitivt det beste for min del.

Karakter: G
Koseleg stad midt på Løkka, men her får ein nok meir ut av smårettane framfor ein betre 3-rettars. Absolutt verdt å ta ein tur for å kjenne på feriekjensla, sitje ute og nyte eit godt glas vin og ev. kjøpe ein svær salat til ein rimeleg penge. God og hyggjeleg service, ikkje noko å utsetje på det!








Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
Sou Palinmreese ma a
Amber 26.12.2016

Sou Palinmreese ma admiro muito o futebol do ganso , o cara é humilde e joga muito , não é como o neymar que fica tirando outros jogadores de equipes menores nunca torci e não vou torcer para o sucesso do neymar na seleção , parabens paulo henrique a seleção brasileira precisa de seu futeol

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no