Fusgur logo

Hvaskjer

Mai 2015

Hvaskjer

Beliggenhet:   Torshov
Kategori:
Mat: 3.003.003.003.003.00
Service: 2.002.002.002.002.00
Miljø: 5.005.005.005.005.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
3 fusgurar tok vegen om Torshov denne dagen i mai for å teste ut det nye kulturhuset Hvaskjer som har teke over Soria Moria på Torshov, med restauranten i fokus. (Kvaskjer på nynorsk) MO: Trur ikkje eg har vore her sidan det var kino, faktisk...
EV: Trur ALDRI eg har vore her. Spanande.

Vi hadde reservert bord til 5, men etter litt fråfall i siste liten var vi redusert til eit selskap på 3 stk. – noko som ikkje fall i veldig god jord hos servitøren, men han mukka ikkje så mykje anna enn å sukke og flytte det eine bordet lengre unna.

Servitøren kom attende etter kort tid for å ta drikkebestilling, men vi hadde ikkje rukke å sjå på menyen enno då vi hadde litt å prate om. Han forlot oss, og det skulle gå lang tid før han såg oss igjen..

SD: Så, fordi vi var færre enn bestilt og ikke ble fort klare med drikkebestilling så skal han overse oss resten av kvelden...?
MO: Verkar nesten slik. Han ser andre folk, då. Og eg TRUR han sjekkar opp ei dame i baren no?
EV: Han var veldig kul. Litt i overkant kul, kanskje?

Etter kvart fekk vi bestilt både drikke og mat, EV og MO prøvde seg på Torshovburgeren med sideflesk og parmesan/rosmarin pommes frites medan SD gjekk for hengemodna entrecôte med brokkolini til. Ho prøvde å få ein smårett (som var berekna for 2) som hovudrett, men den planen skar seg og ho fekk beskjed om at det var valdsamt mykje mat for ein person.

MO: Der heng kjøtet, ja.
EV: Hahaha eg trudde du snakka om noko heilt anna, men der er det eit glasbur med kjøt, ja.

Så kom maten på bordet. Diverre hadde dei gått tom for rosmarin, så parmesan og rosmarin pommes frites vart til parmesanpommes.

MO: Veldig in med parmesan på pommes for tida, forstår eg. Det er fleire stader som tilbyr dette.
EV: Det var veldig godt, og burgeren er heilt ok.
MO: Litt vel godt steikt, dei kjem nok ikkje heilt til topps her - det er knallhard konkurranse på burgerfronten i hovudstaden for tida, og dette er ikkje på nivå med konkurrentane. Men, det var greit nok. Korleis var biffen?
SD: Joda, den var ok nok den - men jeg har ikke helt sansen for denne brokkolinien, skal være en krysning mellom brokkoli og asparges, men det smaker helt klart mest brokkoli.

Då maten var vel fortært, ville SD og MO våge seg på å dele ein dessert og prøvde å få kontakt med servitøren igjen.

SD: Man skulle vel tro at når man har spist ferdig, og det blir ryddet, at det var normalt å spørre om man skal ha noe mer? Som dessert eller kaffe etc?
MO: Ja, det er ein enkel måte å få meirsal på. Det er jo ikkje få gongar vi har droppa dessert av di det tek for lang tid og vi ikkje får tilbodet, rett og slett. Alle burde få det automatisk!

Endeleg fekk vi meny, og valde då å dele ein Overkill med sjokolade, popcorn og karamell. EV var for mett til å tenkje på det, etter nokre veker i varmare strøk med overdose ute-eting hadde ho fått nok.

MO: Den var heilt ok, då.
SD: Litt av en popcorn, den var jo enorm!

Karakter: G+
Lokalet er kult, og Torshov trengde heilt klart ein slik stad. Diverre er kanskje nokre ansatte for kule til å jobbe der, men maten er heilt ok. Vi fekk ikkje testa det urfeet dei reklamerer for, og er usikre på om dette blir ein stad vi kjem tilbake til - men det er nok ein bra utestad for lokalbefolkninga, og maten er heilt klart innafor.



Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
Always a good job ri
Kameryn 25.12.2016

Always a good job right here. Keep rolling on thhrguo.

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no