Fusgur logo

Eit lite stykke Thailand

April 2015

Tuk Tuk Thai

Beliggenhet:   Sentrum
Kategori: Thailandsk
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 4.004.004.004.004.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
«Hei-heiiiii!!!!» lyd velkomsten når ein gjer sin entré på Tuk Tuk Thai i sentrum, eit relativt ferskt palmeskot på thairestaurantstamma i Oslo. -

EV: Øh, hei ...
SD: Ja, jeg fikk samme hjertelige mottagelsen.
EV: Det er liksom ikkje vanleg å snakke så høgt her i landet. Reine kulturkollisjonen. Og særs autentisk!
SD: Blir det bare oss?

Fusgur er endå ein gong prega av kvinnefall. Ei forkjøla SD har henta ut dei aller siste krefter som ikkje vart ofra på jobb, for å delta, slik at vi kan halde Fusgur-møte nummer 99.

SD: Det var like greit vi ikke prøvde å bestille bord. Her var det mye ledig.
EV: Ja ... Håper ikkje det betyr noko ...

Denne solfylte siste onsdagen i april syner seg å vere ein bra dag for Fusgur, trass alt. Servitørane svinsar rundt og sørgjer for å gje oss akkurat passe med merksemd. Vi får bestilt raskt. EV går for raud karri med kokosmjølk, ananas, kafirlimeblad og thai basilikum med kylling. Og SD satsar på massaman karri med kokosmjølk, poteter, løk, tamarindsaus og peanøtt med svin. Og vi rekk så vidt å legge til at vi vil ha mild og medium styrke før servitøren vår forsvinn vekk frå bordet.

Medan vi ventar kjem det stadig gjestar innom for å hente take-away.

Gaeng massaman? Gaeng kuasapparot? Vår dame er temmeleg raskt på pletten med hovudrettane. Sidan vi ikkje er så stø i thai, må vi diverre gå til det steget og forklare kven som skal ha nummer 15 og nummer 17.

SD: Det lukter deilig! Det var en raus porsjon.
EV: Og for ein innsjø av saus! Dette lover bra.

Dei fleste rettane er prisa til rundt 160 kr. Ikkje ille, men det finst andre rimelege, og gode, thairestaurantar i området. Som Rice Bowl.

EV: Det er hyggjelegare her enn på Rice Bowl. Mindre støy og hakket betre dekor.
SD: Jeg syns maten her er av mye bedre kvalitet. Dette smakte virkelig bra. Massevis av herlige grønnsaker. Og for en porsjon!
EV: Ja, eg er også særs begeistra. Men så er eg fan av raud karri. Det åt eg på Rice Bowl sist òg, men denne er betre. Dei har vore raus med kyllingen. Og ananasen.
SD: Og så er den akkurat passe sterk.
EV: Min og. På grensa til at det er for sterkt, men ikkje er det likevel. Eg innbiller meg at dette er autentisk? SD, du har vore i Thailand, har du ikkje?
SD: Jo, det er slik mat de spiser i Thailand. Jeg liker i hvert fall å tro det.
EV: Eg er ikkje kvalifisert til å uttale meg etter to dagar i Bangkok. Men eg ser dei har putta ei potet i bollen din. Er ikkje det litt norsk?
SD: Vel, egentlig ikke. Poteten kommer jo fra Sør-Amerika ...

Resten av måltidet går med til å finne ut om ananasen i EVs rett er fersk eller ei. Etter at ein brun flekk vert identifisert på ein bit, kan vi stadfeste at også ananasen her er ekte. Og vi kan puste letta ut fordi vi har funne eit lite stykke Thailand – i Møllergata i Oslo.

EV: Skal det vere ein is til dessert?
SD: Ikke sjans. Men tar gjerne en kopp te på Kulturhuset.
EV: Det var ein god idé! Eg kjenner eg har prata heilt frå meg endå.
SD: Men altså, har de ikke fritert banan?? Dette er ikke stedet for de som har lyst på noe søtt attpå altså.
EV: Det er heilt greitt for meg. Eg kjem gjerne tilbake uansett.

Digre porsjonar og betjening med raske rørsler. Fargerike – og kanskje autentiske – rettar. Effektiv kortbetaling i kassa. Alt dette sørgjer for eit kjapt og vellukka måltid for dei som er svak for ein smak av Thailand.

Karakter: ein sterk M Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
Just do me a favor a
Dorie 25.12.2016

Just do me a favor and keep writing such trhcaennt analyses, OK?

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no