Fusgur logo

Fjøla

Mars 2015

Fjøla

Beliggenhet:   Ø
Kategori: norsk
Mat: 5.005.005.005.005.00
Service: 4.004.004.004.004.00
Miljø: 5.005.005.005.005.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 5.005.005.005.005.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Brått og hemningslaust kvinnefall førte eit noko redusert fusgur på veg til Fjøla, ein av dei nye restaurantane i Østbanehallen. Berre MO og SJ kom seg avgarde, men hanka i siste liten inn Astri som stand-in for sjuklingane - og ein bra stand-in var det! Fleire reisande vart vist vekk grunna plassmangel så det var bra vi hadde bestilt bord på førehand.

MO: Oh, ein må jo vere vektløftar for å lese menyen her!
SJ: Ganska tung meny, men det klarar vi utan problem.

Vatn kom på bordet ganske kjapt, og svoltne som vi var, var vi klare til å bestille.
Astri: Kvifor er det ingen som kjem og tek bestilling? Trur dei at vi ventar på fleire?
MO: Godt mogleg, vi trudde jo vi vart minst 4 rundt bordet..
Astri tok grep og hanka inn ein servitør.

MO og Astri gjekk for kongekrabbe til forrett, medan SJ satsa på kamskjel. Til hovudrett vart det skrei med bacon og brandade på Astri og SJ, medan MO valde ribbebryst med krydra pølse, svanepotet og sjy.
MO: Unnskuld, kva ER svanepotet...?
Servitøren kunne fortelje at det var små og gode poteter.

Det gjekk ikkje lang tid før forretten kom på bordet.
MO: Den krabba sat ganske fast i skalet sitt, synest eg.
Astri: Bruk bakdelen på gaffelen til å grave ut.
MO: Godt tips! Men, det sit framleis ganske fast..
Det vart ganske mykje gris med kongekrabba, så dei kunne med fordel gitt oss korrekt bestikk og også ein våtserviett til å tørke av fingrane etterpå.
SJ: Ett enda kamskjell...? Dom kunde vel haft minst två?
MO: Det såg litt stusseleg ut, ja, men var det godt?
SJ: Mycket gott, men jag har plats till mer.

Etter ei stund kom hovudretten på bordet.
Astri: Denne er PERFEKT!!!
SJ: Mycket god.
MO måtte bort og smake på skreien, og kunne ikkje anna enn å seie seg einig.
MO: Maten min var liksom ei ekstra fresh svineribbe, pølsa var ikkje spesielt krydra men den var god. Absolutt god mat, men skreien vinn altså.
Astri: Eg trur ikkje eg lyg om eg seier dette er beste fiskemiddagen eg har ete i Oslo.
Sunnmøringar er ikkje kjend for skryt, så det er eit godt skussmål å få - og servitøren fekk beskjed om å overbringe skryten til kokken. Vi vonar han gjorde nett det, utan at vår svenske servitør såg ut til å ane kva slags folk han hadde til bords eller kva slags rase sunnmøringar eigentleg er.
MO: Kan forresten informere om at svanepotet ikkje smakar så mykje som eit hint svane. Trur eg, i alle fall. Svane kjem nok ikkje til å kome i nærleiken av smakslaukane mine nokon gong..

Trass intensjonar om å hoppe over dessert, så gjekk ikkje dette bra. SJ og MO bestemde seg for å dele ei sjokoladekake med kirsebær, og på bordet kom ein fluffy sjokolademoussekake med litt sorbet og kirsebær til - veldig lett og luftig.

SJ: Den var supergod, men det var nog med en halv bit ja.
MO: Jupp. Eg hadde klart å ete heile åleine, men då hadde eg vorte litt meir kvalm. Betre å få nokre gode bitar og slutte på topp.

Karakter: M+
Dette var ei hyggjeleg overrasking. Veldig koseleg lokale, overraskande god mat og vi kosa oss stort med godt selskap. Det som trekkjer ned, er litt treig service og der vi sat fekk vi ikkje dei mest behagelege stolane å site på - i alle fall ikkje for gravide og folk med skulderskader... Og, dei kan med fordel vurdere litt anna bestikk til skalldyrrettane sine.
Men, vi var alle samde om at her kan vi lett gå på privaten igjen. Vi vonar dei opprettheld like bra standard på maten framover!


Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
Thats a smart answe
Nikki 25.12.2016

Thats a smart answer to a tricky qusoeitn

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no