Fusgur logo

Burger Joint: Burger for alle penga

Februar 2015

Burger joint

Beliggenhet:   Aker Brygge
Kategori: Burger
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 4.004.004.004.004.00
Miljø: 5.005.005.005.005.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Vi kom oss til slutt fram mellom alt vegarbeid og asfaltlegging på brygga, og fann ei trapp ned til Burger Joint, som ligg under Beer Palace ved sidan av Latter på Aker Brygge. Beer Palace skryt av at ein kan sitje der og bestille mat frå Burger Joint, men då vi kom dit synte det seg at dette var feil. Ein må sjølv gå ned, bestille og kjøpe mat, og så gå opp igjen med maten i så fall. Vi var heldige og fekk plass ved det store bordet i underetasjen, og slapp trappene. MO: Likte dekoren og musikken her, sjølv om det er trongt om plassen og berre barkrakkar - eg sit jo heilt strålande inntil veggen her!
IV: Ja, det er veldig bra - men kvifor seier Beer Palace at vi kan bestille der oppe? Eg har jo gjort det før, kjenner meg litt lurt.

Her er det ikkje servitørar som kjem til bordet, ein må sjølv gå bort og bestille og betale, så kjem maten ut til deg. Om du ikkje bestillar hentemat, sjølvsagt, som det såg ut som dei fleste gjekk for denne tysdagen.

EV: Hmmm ... California Dreamin høyrest jo god ut, og passar til musikken her.
SJ: Ja, avocado och koriander - verkar frescht. Och nyttigt?
MO: Eg er litt i tvil mellom Juicy Lucy og Chilibomb ... men, eg trur det blir Juicy! Og kanskje litt pommes til, men eg orkar ikkje ein heil porsjon - nokon som vil dele fancy fries?
IV: Eg er med på den. Royal fries med trøffelmajones og parmesan. Eg har smakt dei før, men då under andre omstende.
SJ: Jag tror jag tar en coleslaw istället för fries..
MO: Eg må faktisk prøve ein milkshake også!!
IV: Eg går for ein klassisk burger med bacon og cheddar - kan ikkje bli betre enn det.

Etter å ha bestilt, synte det seg at SD hadde bestilt chilibomb-burgeren.
SD: Jeg er VELDIG skeptisk nå, vet ikke heeelt hva som skjedde siden jeg bestilte chiliburger når jeg ikke tåler så godt sterk mat ... men, dama mente den ikke var så sterk?
MO: Berre slapp av, skulle det syne seg å vere i overkant, så kan vi dele halve og halve - det ordnar seg!

Burgerane kom på bordet, og slafsinga kunne byrje. Både burger og tilbehør kjem i små korger, ikkje heilt enkelt å fortære men vi gjorde det vi kunne.

EV: Eige stempel på burgerbrødet, faktisk. Tøft.
SJ: Ja, men jag tyckte inte brødet var så himla gott ...
MO: Mitt er heilt klart grilla, men det er jo kaldt? Eg orkar ikkje både topp og botn, i alle fall.
SJ: Coleslawen var heller inte helt wow.
SD: Chiliburgeren er ikke så sterk, i alle fall, dette går strålende!

Det viste seg at Juicy Lucy var mykje sterkare, grunna chipotlemajonesen. Bortsett frå at laukringane var steikt noko i overkant, vart det godkjent. Burgeren med avocadokrem og koriander vart også godkjent, om enn noko eksotisk på smak. Og vi fekk prøvd milkshakes som chocolate cookie, very berry og jordbær - laga av is frå Kulinaris. Alle herleg fyldige og kvalmande.

Burgerane er laga av seriøst kjøt, veldig biffete karbis, men lite smak på sjølve burgeren. Så her er det tilbehøret som tel.

Karakter: M
Burgerane og tilbehøret er godt, men det er ikkje godt nok til at ein tek ein omveg til Aker Brygge for å ete her slik sett. Det er hard konkurranse på burgerfronten for tida, og nett no er brygga (nok ein gong) utsett for rot og trøbbel pga vegarbeid og diverse, noko som gjer det hakket vanskelegare å finne fram. Burgerbrøda hadde hatt ein fordel av å vere varme, men service er det lite å utsetje på - du veit kva du får, og du må gjere ein innsats sjølv for å få i deg mat.




Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
I hate my life but a
Genevieve 25.12.2016

I hate my life but at least this makes it berabale.

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no