Fusgur logo

Piscoteket

Januar 2015

Piscoteket

Beliggenhet:   Oslo sentrum
Kategori: Peruansk
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 4.004.004.004.004.00
Miljø: 2.002.002.002.002.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Midt i den glattaste veka i den glattaste månaden våga fusgur seg ut på tur til sentrum for å prøve den nyopna, peruanske restauranten Piscoteket. MO: Er det ikkje ganske støyete her? Trur dei med fordel kunne investert i noko som kan hjelpe til med å dempe lydnivået.
EV: Ja, det kan jo vere at det er verre av di vi sit ved vindauget også?
Det skulle syne seg vanskeleg å føre samtalar i normalt toneleie i løpet av måltidet, men om det var vi som var maks uheldige eller om vi berre har byrja bli tunghøyrde er noko usikkert.

Servitøren kom på plass med menyar. Ingen ville prøve den klassiske drinken pisco sour, som ho anbefalte så varmt. Vatn og øl fekk halde denne tysdagen. Menyen er lagt opp med smårettar som skal delast, så vi valde kvar vår forrett og 3 ulike varmrettar. Vi hadde teke sikte på å velje 4 ulike rettar, men visstnok var den eine vanskeleg å dele på 4, så vi vart anbefalt å ta 2 porsjonar Lomo Saltado (stir-fry entrecote). Som sagt, så gjort. Det vart også sett fram den klassiske skåla med fritert mais, og det gjekk ned på høgkant.

Etter ei ganske lang tid kom då forrettane på bordet. SD og IV gjekk for ein lakse ceviche med asiatisk vri, trass i at IV var skeptisk til ingefær gjekk ho på med friskt mot og utfordra seg sjølv! MO fekk ein potetkake med laksetartar, og EV satsa på den klassiske cevichen med skrei. Dvs. det stod SEI i menyen, men då det kom på bordet, fekk vi vite at det var skrei.
SD: Hadde jeg visst det var skrei, ville jeg også gått for den!
EV: Ja, eg er glad det stod feil i menyen.
MO: Men den du fekk, SD, var også veldig god! Litt spicy, kan ikkje hugse at vi fekk så valdsam krydra mat då vi var i Peru.
IV: Det er nok den asiatiske vrien som gjer at den er hot, kanskje?
EV: Det var i alle fall store porsjonar. Det var fine smakar, men dei kunne gjerne ha delt opp fisken i tynne skiver i staden for store terningar. Vil nokon smake?
SD: Ble jo en veldig ren og fin smak, syntes jeg da. Den var veldig god!
MO: Eg er særs nøgd med min forrett. Veldig balanserte smakar på denne potetkaka. Dei kan potet desse peruanarane.

Alle fekk smake alt, og det var vaksne porsjonar for alle - men ingen klagar på slikt!

Så kom hovudrettane på bordet. Pancamarinert entrecote, steikt ris med svineside og 2 runder med stir-fry entrecote med karamelliserte bananar og potet.
IV: Eg trur eg må ha salt og pepar ... syntes ikkje dette smakte noko særleg mykje ...?
MO: Eg syntes det var godt på smak, det er ikkje krydra men likevel syntes eg smakane kjem godt fram. Diverre er nok dette spydet med kjøt litt for rått for min del i min tilstand, men godt var det jo.
IV: Det kan vere at forretten tok knekken på smakslaukane mine, sidan den var såpass mykje sterkare?
MO: Eg har også litt problem med banan til maten, men det er jo slik det skal vere.
SD: For meg er banan dessert, så jeg forstår deg godt! Men kjøttet var overraskende mørt. Jeg var veldig skeptisk da det kom på bordet, men det var utrolig godt.


Det skulle syne seg vanskeleg å få tak i servitør for litt krydder på bordet. Endte opp med at MO gjekk bort til baren og stod og hoppa og vinka for å få kontakt - skulle tru ein var usynleg ei stund der! Men, det løyste seg til slutt.

MO: Det var god mat, men eg er litt usikker på om eg kjem tilbake hit på privaten for ein romantisk middag, for å seie det sånn.
SD: Jeg er i alle fall veldig fornøyd og kommer lett tilbake! Deilig med en avveksling fra det vanlige kjøkkenet, blir som regel kinesisk eller kontinental - sistnevnte blir fort veldig dyrt også.
IV: Ikkje noko for meg, i alle fall. Ja, det var ok mat, men ikkje nok til at eg tek turen igjen, trur eg.
EV: Viss eg skal tilbake hit, vert det andelår. Det såg bra ut der det segla forbi til nabobordet ...

Karakter: M-
Lokalet er heilt ok (kvifor toaletta er så låge at ein nærmast sit på golvet, er uvisst), men støynivået blir fort høgt. Litt treig service og vanskeleg å få kontakt, men servitøren tok seg god tid og var vennleg og forklarte alt vi lurte på, så lite å utsetje på det. Ikkje var prisnivået avskrekkande heller. Vi betalte 315 kr kvar for to rettar. Maten var ny og spanande for vår del, men vi forstod ikkje heilt kvifor andelåret skulle vere så vanskeleg å dele - dei på bordet ved sidan av fekk det fint til utan større problem.


Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
I wish you good jumb
Jaxon 26.12.2016

I wish you good jumble karma! (if you have time when not org)aising?n. That coat is lovely. It is important to dress like films - I got my last job channelling The Talented Mr Ripley in my interview outfit! It was the outfit, I'm sure... over the answers :-)

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no