Fusgur logo

Våghals

November 2014

Våghals

Beliggenhet:   Bjørvika
Kategori: Norsk
Mat: 3.003.003.003.003.00
Service: 3.003.003.003.003.00
Miljø: 5.005.005.005.005.00
Pris: 1.001.001.001.001.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Vi våga oss inn på Vaaghals, Bjørvikas nyaste tilskot, for å feire at jula nærma seg og vi for siste gong dette året skulle utfordre smakslaukar med noko vi håpa var på toppnivå! Vi vart plassert i 2.etasje, veldig koseleg lokale med dempa lydnivå og peis på full fyr , noko som førte til svettebrot både her og der. Hadde kanskje vore greit å spare varmen til verkeleg kalde vinterdagar, men koseleg var det.

Sidan vi var fleire enn 8 stk, hadde vi fått beskjed om at alle måtte ha same tre-rettar, med val mellom raudspette og lam til hovudrett.

Servitøren vår verka litt ny i gamet og hadde ikkje heilt kontroll på det ho gjorde, men vi fekk i alle fall greie på at alt tilbehør måtte bestillast utanom. Vi enda opp med 2 porsjoner med potet, og ein porsjon av resterande tilbehør, som sylta agurk, risotto, spisskål, soppblanding og skorsonerrot. Og etter kvart kom i alle fall den varmrøykte ørret på bordet.

MO: Eh, må vi dele opp forretten og fordele sjølve…?

Det synte seg at ALL mat kjem på ein tallerken, så får ein sjølv dele opp og servere. Alle var samde om at dette var merkeleg opplegg, sidan vi i utgongspunktet vart tvinga til å velge same rett.

Rune toler ikkje fisk, og fekk dermed servert kalvetunge med tilbehør som eit alternativ. Det var ein raus porsjon han fekk servert, og han dela rundhanda ut til dei som ville smake. Det var utruleg mørt og godt kjøt, og overgjekk kanskje ørreten? Smak og behag.

Etter ei stund kom hovudretten ut til bordet. Også her måtte det delast opp, så bileta viser ikkje heilt det vi fekk på fata våre. Men det var rause porsjonar lam i alle fall.

Ousman: Det var lite mycket ben i den her, tycker jag.
Solveig: Ja, eg trudde jo dei reinska fisken før dei serverte i alle fall?
SJ: Det var ok, men inte så där WOW… tillbehöret var gott, i alla fall.
IV: Eg kjenner eg har vald rett som valde lam, i alle fall. Det var godt. Men eg ser ikkje poenget med å bestille alle desse rettane utanom.
EV: Hadde vore meir logisk om dei sjølve kunne servere det dei meiner høyrer best til kvar einskild rett, kanskje? Vart mykje forskjelleg tilbehør.
Leif: Ja, en skulle tro at folka på kjøkkenet skulle ha dei beste forutsetningene til å kombinere det som passer sammen.
Henning: Mange gode smakar her, men eg skjøner ikkje kvifor også erfarne folk som desse absolutt må hive seg på mat-som-skal-delast-bølga. Skuffande.
SD: Hva passer til fisken da. Risotto?
MO: Det var MYKJE lam, i alle fall, og mørt og godt var det. Godt tilbehør også, men eg er samd i at det vart for mykje rot.
EV: Var det ikkje Brimi-en som kom opp trappa no?

Til og med kaka til dessert kom i heile stykker, og 2 kakestykker skulle då delast på 9 stk. Med gaffel, i mangel på kniv. Ikkje det mest logiske, men god på smak var den.
Diverre var vi vel litt skuffa over nivået på maten, til den prisen bør ein faktisk få ei oppleving heller enn ei kjensle av at DETTE klarar vi betre sjølve.

Karakter: G
Maten var ok, men som det vart nemnd under måltidet – det var ingen WOW-faktor som vi kanskje forventa av ein såpass profilert, og dyr, stad. Litt smaklaus fisk, både til forrett og hovudrett, litt for rotete med eige val av tilbehør og ansvar for eiga oppdeling av porsjonar. Vi såg ikkje heilt poenget med å tvinge selskap til å bestille same rettar, når dei likevel kjem som smårettar på «tapas»-vis. Koseleg lokale, lite å utsetje på service trass litt uerfaren servitør som nok har litt å lære. Det er nok ein stad som med sitt konsept høver for selskap på mindre storleik, og dei bør også jekke opp krydderbruken eit hakk. Og for tilbehør så bør ein vere flink til å anbefale kva tilbehør som passar til dei ulike rettane, og ikkje la gjestane gisse på dette.

Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
Thats the best answ
Marlee 25.12.2016

Thats the best answer by far! Thanks for conttiburing.

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no