Fusgur logo

Hitchhiker

Oktober 2014

Hitchhiker

Beliggenhet:   Mathallen
Kategori: Gatemat
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 4.004.004.004.004.00
Miljø: 4.004.004.004.004.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Vinteren lot framleis vente på seg då fusgur kava seg fram i busskaoset for å kome seg til Mathallen - Hitchhiker i 2.etasje stod for tur, og lokka med såkalla streetfood. MO: Eg likar meg i Mathallen, altså, berre synd det ikkje går så bra for dei som eg hadde håpa.
EV: Eg har ikkje vore her før! Det er jo heilt skandale. Eg får ta med meg mannen og tilbringe nokre timar her i nær framtid, det ser ut som det er mykje som bør prøvast ut.
SJ: Det känns som jag dricker från teljusholdare...
MO: Eg veit! Men, det er vassglas - berre i miniformat. Trur eg, i alle fall..

Servitøren kom og forklarte det vi ville frå menyen, og vi gjekk i gong med bestilling. Synte seg då at vi hadde hatt ei lita misforståing, så i staden for å velge alle 8 rettane på menyen til 120 kr per stk., valde vi ut litt her og der. Så vi havna på ferske vårruller med kongekrabbe, laksetataki i sesamstekte steambuns, okonomiyaki (japansk pannekake) 
med kål, ribbe, wasabimajo og sesamfritt, chilicheese, kimchipizza med grilla svinenakke og teasmoked crispy duck crackers - totalt 10 rettar - alt til å delast mellom fire. Det vil seie, vi bestilte aldri chilicheese, men det kom på bordet og vi åt det opp før vi innsåg at vi berre hadde diskutert det, men har ein ete det opp så får ein vel stå for det?

SD: Jeg må innrømme noe - jeg har vært her før ... (*forferda rop frå dei andre i fusgur*) rett etter det åpna. Men dette er noe HELT annet!! Dette er jo fantastisk godt!
EV: Ferske vårrullar er nytt for meg. Mykje smak. Her tyt det ut kongekrabbe og avakado. Herleg! Kunne eg ta ein til?
MO: Den pizzaen - vi hadde vel strengt teke ikkje hatt behov for 2 av den, det gjekk jo strålande å dele i 4?
Servitøren beklaga at den eine hadde blitt litt brent, så den vart litt forseinka. Vi var såpass mette til den tid at vi tok det veldig med godt mot.
MO: Eg trur ikkje eg orkar meir ...
SJ: Ta den siste chilicheesen! Bara ät osten, jag tycker det var lite degit.
SD: Ja, det var litt skuffende. Mye deig rundt, liksom. Nokså sterk.
EV: Den sausen med urter var til anda. Men kva slags saus er det i den vanskåla?
MO: Jalapeño-lake til å dyppe dei i. Eg hoppar over.
EV: Her var det mange nye smakar. Mat frå ei fin gate.

Det var god mat, så vi åt heilt klart for mykje. Men likevel måtte MO ha popping popcorn-is.
SJ: Du, det är bra om du är 8 år - inte 38!
MO: Eg må prøve!!
SJ: Och jag vill smaka...

Alle fekk kvar si skei for å smake på desserten, som var karamellsaus med is, popcorn og poppande godteri - skikkeleg nostalgitripp, med andre ord!

Servitøren: Hva likte damene best? Menyen er nemlig ny, så vi vil gjerne vite.
EV: Laksen! Og vårullane.
MO: Ja, laksen. Og anda. Og .. Vanskeleg å velge! Alt var godt!

Karakter: M
Vi var særs nøgde med gode smakar og større porsjonar enn venta for enkelte rettar - veldig mykje uventa godt å smake på! Lokalet passar nok ikkje til finare høve, men det er røft og spanande, med utsikt ned til Mathallen. Lite folk då vi var der - bortsett frå nokre frå andre sjeler og ein brannmann - førte til bra merksemd frå servitør, får vone at det er slik uansett antall besøkande. Kjem lett tilbake på privaten.


Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
There are no words t
Raynes 25.12.2016

There are no words to describe how bouioacds this is.

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no