Fusgur logo

Sult (nedlagt)

Desember 2006
Sult (nedlagt)

Beliggenhet:   Grünerløkka
Kategori: Kontinental
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 3.003.003.003.003.00
Miljø: 4.004.004.004.004.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 3.503.503.503.503.50
Skriv kommentar eller anmeldelse
Regn og mørke dominerte denne onsdagen i november då fusgur nok ein gong var samla til dyst. Åstaden var Sult på Grünerløkka, ein mykje omtala stad som vi aldri hadde klart å vitje. Det skulle syne seg å verte ein noko blanda oppleving..



MO: Vi må ha sjampis for å feire! SD har store nyhende, og vi satsar på at dette er byrjinga på eit nytt og betre liv.

På plass kom to glas musserande til MO og SD, medan dei andre satsa på vatn og IV våga seg på å bestille Cola Light. Allereie her kom første graverande feil..

Her dukka det nemleg opp Cola Zero. Og då IV påpeikte ovanfor servitøren at ho hadde bestilt Cola Light, var svaret berre ?Jammen det smaker jo ganske likt da? før ein Cola Light kom på bordet.

IV: Hadde det vore slik at dei ikkje HADDE Cola Light, skulle eg ikkje sagt noko. Men her hadde dei faktisk det eg bestilte, og eg synes IKKJE det smakar sameleis. Eg likar faktisk ikkje Zero i det heile teke.

MO: Nei, det her blir eit stort minus. Ein ting er at servitøren kjem med feil produkt, men å faktisk kome med den kommentaren ? ikkje profesjonelt spør du meg.



Etter litt studie av menyen, var alle forventningsfulle.

EV: Eg trur eg satsar på torsk med polenta. Jamie Oliver sa at polenta er sterkt undervurdert, så då er det vel på tide eg satsar friskt på noko nytt?

MO: Den fasanen freistar litt, er det nokon som er med på den?

SD: Jeg tror det på tide jeg prøver fasan!

IV: Eg køyrer svinenakke tenkjer eg.



Bestillingane vart gjort, og under ventetida gjekk praten livleg rundt bordet om moralske krumspring, mannfolk og karrierar. Utan at vi skal gå nærmare inn på det her.



Maten kom på bordet, og alt såg fortreffeleg ut.



SD: Jeg har funnet ut at jeg liker fasan.

MO: Er det ikkje fasan dei kongelege jaktar på eller noko sånt?

EV: Ja det trur eg kan stemme. Denne fisken var også veldig god! Mange nye og spanande smakar.

IV: Litt for lite saus spør du meg, særskilt når det er så mykje poteter til.

EV: Det skal helst flyte litt ja, er einig i det.



Måltidet gjekk ned med vellyst, og jentene var straks klare til dessertkartet. Det var ikkje alltid like lett å få kontakt med servitør, men vi fekk no bestille til slutt.



MO: Den flytande sjokoladen ser jo god ut, men eg trur eg må stå over.. har ikkje plass!

IV: Eg har lyst på ost til dessert!

Servitøren henta kokken for å fortelje kva ostar som stod på menyen, og vi kjente igjen brie og gorgonzola ? ost nr 3 var litt verre å oppfatte.

SD: Vil du kanskje dele den flytende sjokoladen med meg EV?

EV: Jupp.

MO: Eg vil gjerne ha ei skei av den sjokoladen.. berre for å få prøvd.



MEN på bordet kom då ein sjokoladefondant ? liten sådan ? og ei lita kule med sorbet.

EV: Dette var jo skuffande. Her vert vi lova flytande sjokolade med nougat, så kjem ein fondant som eg nok kunne laga den sjølv..?

SD: Den er helt ok, men det mest skuffende er jo at den var så dyyyyr!

IV: Osten var ok, men brødet var utruleg grovt. Og den eine osten er det jo meir myggel i enn ost..? Huff.. Dette er det ein kallar utfordring på eit fat. Vær så god og smak, den som tør.



Når vi endeleg fekk kontakt med servitør for å få rekninga, hadde dei også klart å gjere feil. Dei belasta oss ikkje berre for Cola Light men faktisk også for Zeroen som dei feilaktig hadde gitt oss. I tillegg var det berre belasta 3 hovudrettar. Til vårt forsvar, forsøkte vi gjentekne gongar å ta kontakt med servitør for å oppklare misforståinga, men det var ikkje nokon som ville så mykje som sjå på oss. Servitøren gjekk ved minst eit høve rett forbi oss ? som om vi var luft. Var all surmulinga pga IVs kritiske mine til Zeroen? Eit produkt ho strengt teke ikkje hadde spurt om? Til slutt gav vi opp, la alle pengane på bordet og gjekk.





Karakter: G

Maten var bra, men ikkje fantastisk. Servicen var dårleg, og dessertane ei stor skuffing frå ende til annan. Lokalet er jo greit nok, men vi hadde nok venta at Sult skulle innfri forventningane i litt høgare grad enn dei faktisk gjorde. Vi har nok blitt meir kritiske for her let vi manglande service påverke karakteren i stor grad.





Praten vart ikkje påverka av dårleg service og fortsatte på sedvanleg måte. Ein mogleg gløgg-kveld av den etterkvart berømte sorten står kanskje på plakaten hjå SD nok ein gong. Kanskje kjem det ein delegasjon til Sverige på vitjing til Oslo i nær framtid, og jula står også for døra snart. Mazurka vart eit noko smalt samtaleemne som MO og EV snart la frå seg etter fleire uforståande blikk frå resten av DHK. Det var første gong på lenge heile DHK var samla, utan andre konsulentar tilstade. Hurra for oss! Kanskje vi burde starte ein stad som heiter Svolt?? I nynorskens ånd? Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
I apciaprete you tak
Dolly 25.12.2016

I apciaprete you taking to time to contribute Thats very helpful.

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no