Fusgur logo

Kolonihagen (ikkje lenger på Løkka)

September 2014

Kolonihagen (ikkje lenger på Løkka)

Beliggenhet:   Grünerløkka
Kategori: Økologisk
Mat: 3.003.003.003.003.00
Service: 3.003.003.003.003.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Ein noko ustabil dag i september, kom fusgur seg til Løkkas avdeling av Kolonihagen, godt gøymt inne i ein bakgård og opp ei trapp - her var det bryggja for forvirring! SJ og Astri kom forvirra opp trappa, der MO allereie var på plass - og alle hadde stussa på kor inngongen eigentleg var. Dei kunne nok med fordel ha skilta litt betre og meir synleg, spesielt for folk som ikkje er lommekjende på Løkka.

Servitøren var på plass med vatn og tok gjerne imot drikkebestilling, og forklarte også korleis menyen funka. Ein treng ca 3 rettar for å bli mett, dei baserar seg på litt mindre smårettar så kan folk velje ut frå kor svoltne dei er.

MO: Hm. Eg er usikker, har lyst på fleire ting her men... Det blir nok gresskarsuppe og rivegris-burgar på meg, faktisk.
Astri: Ja, det så jo godt ut. Trur eg også at eg går for.
SJ: Ok, då kör jag på suppe och breiflabb. Kan man få nånting annat enn potetpurè som tillbehör?
Servitøren sa at dei kunne sjølvsagt gi ho meir grønsaker i staden for. MO masa seg også til suppe utan stangselleri, då ho er heilag overtydd om at det er styggedom.
IV: Eg går for fisk. Og fisk. Ja. Sylta makrell og så breiflabb.
Servitøren sa frå at makrellen var den minste retten på menyen, i tilfelle ho ville ombestemme seg.
SD: Jeg er veldig usikker.. synes sylta makrell ikke høres godt ut, men jeg VET jo at jeg liker det - hver gang jeg får det, så blir jeg så overraska over hvor godt jeg synes det er. Men nei, det blir nok suppe og breiflabb. NEI - jeg tar kalvetunge.

Astri: Var det ikkje ganske kaldt her oppe? Eg sit liksom med sjal rundt skuldrane her.
MO: Det er ganske kjøleg, ja. Men døra nede er visst framleis ope, vonar dei stengjer den snart...

Etter ei lita stund, kom servitøren opp med 4 suppetallerknar med gresskarfrø og diverse i.
Astri: Bestilte ikkje vi suppe....?
MO: Jauda, suppa kjem nok.
Og sant nok fekk vi suppe i fancy, små mjølkeflaskar eller noko i den dur - så fekk vi helle over sjølve.
IV: Nokon som vil smake makrell?
MO: Ja takk, men berre bittelitt.
SD: Det er vel ikke mer enn bittelitt PÅ tallerknen hennes så...

Første rett smakte godt, og vi hadde fått ulike typar brød med smør pakka inn i matpapir, så vi var fornøgde. Men så varte og rakk det før meir skjedde.

SJ: Har vi inte väntat rätt länge nu? Jag fryser.
SD: Jo, det har vi. Jeg har rukket å bli skrubbsulten igjen!!

Det tok vel 45 min før neste rett kom på bordet, noko som er i overkant lenge å vente i eit kaldt lokale med berre ein liten rett innabords.

SJ: Fisken va perfekt! Så god!
MO: Kan ikkje seie at rivegrisen var noko å skryte av, dei kunne med fordel lessa på litt meir kvitlaukskrem.
Astri: Den var VELDIG tørr. Litt stiv pris for ein miniburger, tykkjer eg.
SD sleit med kalvetunga, kniven var rett og slett ikkje dugande til å skjere gjennom, sjølv om kjøtet i seg sjølv var mørt nok.

Til dessert tok IV berre luft, medan Astri satsa på ein kopp grøn te. SD fekk hitra blå, som var ein slags blåmuggostkrem med nøtter og honning, og SD og MO gjekk for arme riddarar med blåbær, koldskålis og karamell.

Astri: Den teen var jo heilt blank og smaklaus?
SJ: Kanske den inte har lägat länge nog i?
Det fulgte med eit timeglas som skulle vise kor lenge dei skulle vente for å få mild, medium og sterk smak. Timeglaset gjekk ut, men dei kunne med fordel vente litt til før dei helte opp teen.

SJ: Jag undrar vart plommorna tog vägen? Det stod i menyen att det var plommor her?
MO: Dette var faktisk ganske godt, eg er nøgd. Og no er eg passe mett.
SD: Ja, det var ok dessert.

Det synte seg at plommene i SJs dessert hadde blitt erstatta med nøtter, dei hadde nok mest sannsynleg berre ikkje oppdatert menyen, ifølge servitøren.


Karakter: G
Kult og røft lokale, men ALTFOR kaldt - dei fleste sat med jakke og skjerf på inne, og då bør personalet ta grep. Det var også veldig små porsjonar med tanke på pris, og dei kunne nok ha gjort litt meir ut av konseptet. Når det går nærmare ein time mellom to smårettar, er det vel også greit med ei forklaring eller unnskuldning. Er vel ingen av oss som kjem tilbake hit med det første, det må vere ev. for å sitje i bakgården til sommaren igjen.

Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
I am sorry to hear t
Jaydee 26.12.2016

I am sorry to hear that Roger senior is closing his blog. For many years he has presented a voice of reason, logic and careful accuracy (in short, science) that has provided a welcome conaaerbultnce to the exaggerated claims that pass for science elsewhere. He will be missed, and I do hope that we may see some guest posts from him at this blog.

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no