Fusgur logo

Posthallen

August 2014

Posthallen

Beliggenhet:   Sentrum
Kategori: Kontinental
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 3.003.003.003.003.00
Miljø: 5.005.005.005.005.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Det var tid for 9-årsjubileum for fusgur, og valet for den ekstravagante feiringa, fall på Posthallen. MO: Restauranten er visst ikkje ope på tysdagar, så dette er faktisk berre bar-delen. Vil seie eg er overraska over kor stort det faktisk er!
Vi sat først i bakgården, som var ganske behageleg på ein relativ varm augustdag, før alle var komne og vi kom oss på plass ved bordet.

Solveig: Kva skal dåkke ha? Er det tre-rettarsen som gjeld, eller er det noko anna?
MO: Eg trur i alle fall eg går for den. 398,- for dei rettane verkar som ein god deal.
Ousman: Jag vill inte ha glass til äfterrett, så jag går nog förr bare förrett och huvudrett. Piggvar och oxfilet i parmaskinke räcker.
EV: Piggvar med blåskjel og vaniljesaus - litt usikker på korleis det kan vere? Eller høyrest det berre meir fancy ut enn tilfellet er?
Leif: Jeg tror jeg kjører egen kombo. Den foie grasen se jo spennende ut, den må jeg ha!
Solveig, EV, Henning og MO gjekk for tre rettaren, SD satsa på kamskjel, indrefilet og pistasjostekake, medan Leif fekk foie gras, indrefilet og is-desserten.

Vi fekk forretten ganske raskt på bordet, og vi kunne med ein gong alle misunne SDs "kamskjell med linseragu og fennikelkrem". Sjølv om piggvaren var veldig god med veldig godt blåskjelskum på toppen, var kamskjelet perfekt! Vaniljesaus på piggvaren var tilnærma usynleg (knapt eit hint av vanilje). Foie gras creme bruleen var heller ikkje eit høgdepunkt, ifølge Leif, det var i overkant med sukker og litt merkeleg kombinasjon.

Så byrja ventinga. Etter ei god stund, kom servitøren og unnskyldte at alt tok så lang tid, det var grunna eit større selskap ved sidan av som krevde så mykje at dei fekk det litt travelt på kjøkenet. Vi set jo pris på at vi får beskjed i alle fall, og då ho kom med gratis påfyll av vin som kompensasjon, vart vi veldig fornøgde. Det gjekk uansett for lang tid før hovudretten kom, men den var i alle fall varm.

Hovudretten "indrefilet av okse i parmaskinke med rotgrønnsaker, fondantpotet og eple- og rødvinsausvar" god nok, om enn litt keisamt tilbehør. Mørt og fint kjøt, men stor skilnad på dei ulike kjøtbitane om kor godt/lite steikt den var. Vi kunne ikkje hugse å få spørsmål om korleis vi ville ha kjøtet steikt, så dette var nok berre litt på slump.

Så gjekk det unna ein del venting til desserten. Mellom forrett og hovudrett var det vel 45 min venting, og det same var det mellom hovudrett og dessert. Tilbod om meir gratis vin var forlokkande, men vi set også pris på at vi blir sett trass at andre selskap er tilstade. Spesielt sidan desserten bestod av is og kjeks, var det litt vanskeleg med forståing for at alt trakk så lenge ut i tid.

Ousman: Hur smakte glassen?
MO: Hm. Det er veldig godt på smak, men meir som ein veldig tynn milkshake. Desse kjeksa var litt juleaktige, gode - men, litt keisamt rett og slett.
Solveig: Desse høyrer heller heime på menyen til ein kafé.
EV: Det var ei veldig grøn pistasjostekake du har fått, SD! Vart litt misunneleg, fekk lyst å lage noko sånt sjølv.
SD: Ja, men det smakte liksom ikke så mye pistasj? Den var god, da. Og ser flott ut.
Henning: Den såg veldig pistasjaktig ut, men det var vel kanskje berre påskrytt med pistasj då.

Karakter: M
Maten var veldig god, minus for veldig kjip milkshake-og-kjeks-dessert - det kunne vore gjort så mykje betre. Den var ikkje verd 135 kr for seg sjølv! Vi vart også veldig nedprioritert til fordel for selskapet, men sat stor pris på at vi fekk beskjed + gratis vin er stor bonus. Diverre er det ikkje nok til å gi full score på service, for det tok veldig lang tid med absolutt alt. Vi vel å tru at vi berre var litt uheldige, og tenkjer at dette er ein stad der du får god mat for ein relativt låg pris, og kan trygt ta turen igjen ved eit seinare høve.
Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
Haha! Lovin it, ESPN
Parthena 26.12.2016

Haha! Lovin it, ESPN has been such a bunch of jafckofasaurs as of late on anything they don’t get the scoop on. This just goes back and validates Miles’s piece from 3 MONTHS AGO! Keep up the good work Unofficial.

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no