Fusgur logo

Stormkjøkkenet (NEDLAGT)

Juni 2014

Stormkjøkkenet (nedlagt)

Beliggenhet:   Oslo sentrum
Kategori: Norsk
Mat: 2.002.002.002.002.00
Service: 3.003.003.003.003.00
Miljø: 4.004.004.004.004.00
Pris: 2.002.002.002.002.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Til restaurant nr 90 i fusgursk historie, falt valet/trekninga på å prøve ut det nye Stormkjøkkenet - såkalla billeg gourmetrestaurant, nede på Christiania Torv. Eit flott lokale med artig vri på tema og stor uteservering, lokka oss til bords. Servitøren fylte vatn i alle glas, og sette ei mugge på bordet. Plassert lengst inn i hjørnet, spurte ho om det var ok - og vi takka ja til benkeplass ved vindauget. Menyar kom på plass til dei som var komne, og då resten av gjengen ankom, sa ho at ho skulle hente fleire menyar. Det varte og rakk, så vi fordelte heller menyane mellom oss - men så dukka ho opp med menyar til alle.

Menyen bestod av piknik, som anten var 5 eller 10 skåler til deling, 3 forrettar, 3 hovudrettar og 3 dessertar.

MO: Er det nokon som vurderar piknik?
IV: Kva er det for noko i det, då?
MO: På handlelista står det i alle fall litt om råvarane som er brukt.
Ousman: Jag vill höra vilka retter som finns før jag bestemmer mig.

Servitøren kom og fortalte hvilke retter som høyrde til 5 og 10-valet.

Leif: Jeg synes det hørtes bittelitt kjedelig ut?
Ousman: Får man var sin skål?
MO: Nei, ho sa skålene kjem i ein stubbe?
Leif: Ja, på speiderleir serveres jo ALLTID mat i en stubbe...
IV: Eg er ikkje interessert i piknik, det blir nok hovudrett på meg.
EV: Ja, eg tenkjer kalven ser god ut?
SJ: Jag tror faktiskt jag vill ha kveite?

Ousman og Leif gjekk for uer med skalldyrchiboust til forrett, IV tok makrell medan resten koste seg med vatn. Skalldyrchibousten vart omtala som ein slags pudding, men ikkje pudding, men med skalldyrsmak. Litt udefinerbart, visstnok. Kanskje uheldig formulering mht skalldyr..?

Det synte seg å vere uproblematisk. Chibousten var meir som ein litt tjukk saus, fullpakka med god skalldyrsmak! Fisken var god, og brødet (som kom i papirposar) var varmt og godt.
MO: Det var utruleg god smak på! Dette lovar godt.

Etter forretten venta vi lenge og vel på hovudrett. Ca 45 min tok det før hovudrettane kom inn.
Svinenakken, som det må vere minst 2 stk for å bestille, kom på trefjøler med knivar, som gjestane sjølv skulle dele.

MO: Mmmm kalvekjøtet var mørt og godt! Litt kjedeleg tilbehør, tykkjer eg. Ertestuing og litt gulrøtter er liksom ikkje noko å rope hurra for til 275 kr.
EV: Eg syntes det var veldig godt, i alle fall. Mørt kjøt.
SD: Fisken er så god!! Det var mycket fisk, men kanske litt lite tillbehör?
MO var bortpå for å smake kveita, og var samd i at fisken og tilbehøret var veldig godt.
IV: Eh... den svinenakken her smakar ikkje noko som helst, og den er FRYKTELEG tørr?
Leif: Woops, potetene er ikkje kokte nei.. greit med litt tyggemotstand, men jeg klarer faktisk ikke sette kniven i den en gang? Dette kan jeg ikke spise.
Ousman: Jag är så hungrig at jag äter nu, själv om det är ganska torrt..
IV: Eg kan faktisk ikkje ete det her.

Servitøren hadde lova ekstra poteter, og MO sneik til seg nokre stk.
MO: Hm. Denne var heller ikkje kokt. Men, dei var varme i alle fall..

IV tok på seg ansvaret å klage til ein servitør på at svinenakken var tørr som bark og potetene ikkje varme eller kokte. Responsen var "hva kan jeg gjøre for å gjøre det bedre" - og det kunne vi diverre ikkje svare direkte på. Men, vi var alle samde om at mat til 275 bør faktisk vere både varm og etande, og aller helst hakket over i nivå..

EV: Eg synes kalven var ypperleg. Kanskje litt lite krydder einaste, men det er no ei smakssak.
MO: Eg er også nøgd - kjøtet var veldig godt.
SJ: Ja, fisken var jättegod!
SD: Jeg spiste opp fordi jeg var veldig sulten, men det blir IKKE dessert her.

Etter nok ei lang stund, fekk vi tak i servitøren for å be om rekninga - og sa frå nok ein gong. Etter kvart kom rekninga med ei seriøs unnskyldning frå servitøren, som var tydeleg flau, kor dei hadde vald å kreditere oss for ALLE hovudrettar. Forrettar og drikke måtte betalast.

EV: Oj! Eg var jo nøgd, så eg kunne jo lett betalt.
MO: Ja, det var for så vidt eg også - men, vi kranglar ikkje oss fram til å betale MEIR, i alle fall.
Leif: Nei, men jeg kommer nok ikke tilbake hit uansett, altså.
IV: Nope. Veldig bra at vi fekk maten gratis, då.
SD: Ikke alle restauranter vi har besøkt, har gjort noe i det hele tatt - selv med plast eller hår i maten ...

Karakter: LG/M
Karakteren er splitta. Forrettane var veldig gode, og stod til M. 3 av hovudrettane fekk vel M-, medan resterande fekk fullstendig strykkarakter. Det var særs treig service, kan vere underbemanning både på kjøken og blant servitørar ein flott sommardag i turistfelleområdet. Men, når eit selskap på 7 pers sit og ventar på hovudrett i 45 min, og beklagelsen inneheld setninga "ja, men dere hadde jo forrett?" - når 3 har ete forrett medan andre berre ventar, er berre ikkje bra nok. 45 min mellom forrett og hovudrett er uansett i overkant lenge, slik vi ser det.
Det må i alle fall forbetring til, og vi vonar at pikniken dei fokuserar på, er fleire hakk betre enn det vi opplevde - kanskje vert det også rolex forbetra service? Eit stort pluss i at dei krediterte oss for 7 hovudrettar til ein verdi av nesten 2000 kr - som er meir enn vi forventa, og vi hadde vore nøgde med at dei krediterte dei 4 rettane som var fullstendig mislykka. Kan bety potensiale og bot og betring - men vi kjem nok ikkje til å prøve oss igjen.


Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
Julieta Pink si rifa
Davian 26.12.2016

Julieta Pink si rifas el pañuelo del buena onda Ciro, rifá también el tuyo; yo quiero paciirtpar. Por otro lado ¿Quién es el narigón que está detrás de la puerta?

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no