Fusgur logo

SüdØst

Juni 2014

SüdØst

Beliggenhet:   Grünerløkka
Kategori: Crossover asiatisk
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 4.004.004.004.004.00
Miljø: 4.004.004.004.004.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Sola hadde kome til Oslo for godt (?), og vi tusla oss til den svære uteserveringa nederst i Trondheimsveien - om enn under ein parasoll.
IV: Vi fekk ikkje sitje inne, dei har visst berre servering ute i dag.
MO: Merkeleg. Men, heilt greit for min del - det er deileg å sitje ute!
Solveig: Kan jo ikkje gå INN når ein kan sitje ute uansett, heilt uaktuelt.

Vatn kom på bordet, og menyane var klare.

SD: Har de bare lunkent vann her?
Vatnet var ikkje av det kalde slaget. Visstnok bra for helsa, kom det fram rundt bordet, men vi foretrekk kaldt vatn på trass av helsemessige fordelar på ein solskinsdag som dette var!

Etter å ha finlest menyen, fann alle ut at dei ville gå for ein fast meny - Yin - som inneheldt sashimi, duckrolls, won tons, marinert kylling med chili i peparsaus og jordbærsuppe med mascarponeis til dessert.

SJ: Man får jo mycket for pengarna när man bestellar meny? Annars kostar jo en huvudrett 200 kr?
MO: Nemleg. Eg hadde lyst på den kyllingen uansett, så det passar meg utmerka å få god uttelling for kronene no.
SD: Jordbærsuppe? Høres mystisk ut..

SJ forsøkte seg på å bestille eit glas kvitvin, men det varte og rakk før det dukka opp på bordet. I mellomtida hadde ho rukke å ombestemt seg til eit glas prosecco, men det tok også relativt lang tid og involverte fleire personale for å få det til å kome fram til endeleg destinasjon.

Vi fekk påfyll av lunka vatn til stadigheit, og det gjekk ikkje lang tid før sashimien var på bordet. Litt diskusjonar om kva som var kva, fann vi ut at det måtte vere tunfisk, laks, kamskjell og kanskje kveite.

SD: Dette var da fryktelig godt!

Så kom duckrolls og won tons på bordet, med hoi sin og sweet chili-saus som tilbehør.

IV: Hm. Det er eit slags spesielt krydder i den won ton-saken her... eller kan det vere sausen?
SD: Hoi sin tror jeg er en favoritt innen saus, altså. Det er så godt!

Inn kom kyllingen, som skulle vere passe hot, og vi såg raude chiliar som låg rundt omkring på tallerknen i selskap med brekkbønner og bok choy.

SD: Bok choy tror jeg er den mest bortkasta grønnsak som finnes, altså.
MO: Ja, det er mest som kinakål. Veldig kålete, og ikkje på ein god måte. Eg prioriterar bort den om naudsynt.
IV: Men det var litt.. smaklaust? Var det ikkje? Skulle ikkje det vere sterkt?
Solveig: Du får ta nokre chili, dei var sterke nok i alle fall.
SD: Var jo veldig god smak på sausen, det er jo det som gjør retten. For lite saus, bare.

MO røska med seg meir enn sin dose chili på tallerknen, men ingen klaga på det.

Til dessert kom jordbærsuppa med mascarponeis.
SJ: Dette va fräscht! Friskt och gott som avslutning på måltiden.
MO: Eg er jo litt imot kaloriar som ikkje er sjokolade, men det var godt.
SD: Det kunne nok lett vært litt sjokolade i, ja. Men, det var godt.


Karakter: M-
Veldig stor uteservering, eit klart pluss om sommaren. Mykje for pengane om ein er fleire om same meny, sjølv om mengden mat kanskje ikkje er nok til å mette svoltne mannfolk så gjekk vi i alle fall ikkje derifrå svoltne. Litt skuffa over manglande krydder på hovudretten, rolex kopi men maten var god nok til at vi lett kan gå hit igjen for å prøve fleire ting! Ugunstig at toaletta er plassert nede i nattklubben - ein må inn i lokalet og ned ei trapp og rundt eit hjørne for å kome fram. Enkelt skal det ikkje vere.










Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
Thanks for writing s
Jock 25.12.2016

Thanks for writing such an eaysuto--nderstand article on this topic.
0.000.000.000.000.00
Fortsatt bra
MO 28.01.2015

Har vore tilbake i privat regi, og var særs nøgd med smårettane som vart servert - ikkje mykje å klage på! Maten kom fort, den var god og lokalet er framleis koseleg.

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no