Fusgur logo

Tijuana

April 2014

Tijuana

Beliggenhet:   Grünerløkka
Kategori: Mexicansk
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 3.003.003.003.003.00
Miljø: 5.005.005.005.005.00
Pris: 5.005.005.005.005.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Sola var framme denne tysdagen tidleg i april, og fusgur tuffa seg avgarde og tok sjansen på å sitje i bakgården på Tijuana - trass at sola ikkje akkurat var glovarm. MO. Får jo ei kjensle av sommar i bakgården her, det må ein berre ta når ein kan. Hadde nesten gløymt korleis det var med sol...
Maria: Det var jo utrolig koselig å sitte her i bakgården, da, men jeg må sitte i sola!

Servitøren kom med menyane, som var store ark som tok opp heile bordplassen. Vi vart spurt om vi hadde vore der før eller om vi ville ha forklaring på menyane, positivt sidan det ikkje alltid er like enkelt å forstå konseptet.

Sidan vi var svoltne og venta på at sistekvinne skulle ankome, vart det bestilt tortillachips med salsa. På bordet kom det tre ulike salsa-typer, mango, tomat og chipotle. Då SJ endeleg fann fram, var ho så sugen på guacamole, at det kom fort chips med guacamole på bordet også - og det er ikkje små skåler med chips vi snakkar, så det var meir enn nok til heile hurven.

SJ: Mmmm den guacamolen va god!! Lite spicy, men jag tycker om det.
IV: Den var veldig god, faktisk.

Etter mykje om og men, og diskusjonar om kva som er skilnad på quesadillas og enchiladas, vart vi klare til å bestille.
SD og IV gjekk for ulike tacos, som chorizo og kylling, MO prøvde seg på ein enchilada med svinekjøt, Maria og Solveig bestilte quesadilla med kylling, SJ satsa på quesadilla med lam.

MO oppmuntra alle til å prøve michelada, som er øl med diverse tilsetningar som tabasco. Mest av di ho ikkje turte sjølv, men det står på lista over ting som må prøvast ein gong! Ingen gjekk på.

SD: Det her var faktisk bedre enn den andre vi prøvde, Tacorepublica! Synes jeg, i alle fall. Det var godt! Oh, men den kyllingen var litt for sterk for min smak, men så er jeg jo pingle, da... Bare litt dumt at jeg har fått guacamole på, for jeg tåler ikke avokado så godt - men det stod ikke på menyen at det kom oppå tacoen.
Maria: Dette var sterkt!! Lurer på om de har noe rømme her?

Dei har ikkje rømme. Det er jo ikkje meksikansk, men for oss sarte nordmenn kan det vel kanskje lønne seg med ein dunk på bakrommet om ting blir for ille..

SD: Prøv litt av den mangosalsaen, den var søt og god så den kan kanskje dempe litt av det sterkeste.
MO: Eg har i alle fall fått meir enn stor nok porsjon! Milde himmel. Det var godt, men ikkje spesielt sterkt faktisk - kan eg få litt av den chilien du ikkje et, SJ?
IV: Den guacamolen på toppen her var faktisk litt søt? Eg lurar på om det kan vere kaktus eller noko sånt, for det smakar liksom ikkje avokado? Vart litt usikker no.

Vi fann ikkje ut, men mest sannsynleg var det berre snakk om søt guacamole, då det ikkje står noko om kaktuskrem på menyen.

Bortsett frå at kyllingen var litt i overkant sterk, var all mat god på smak og det er rause porsjonar. For tacos, bør ein ha minst 4 stk (kvar bestilling kjem med 2 stk) for å bli mett, om ein er særs svolten eller stor mann, så kan det vere at 6 stk må til. Quesadillas og enchiladas kjem som store porsjonar. MO var sjanselaus, og måtte la det ligge igjen ein del på tallerknen...


Karakter: M
Koseleg lokale, pluss for bakgård - vi spår at den blir fullsatt kvar dag sola skin framover. God mat, veldig ok å kunne bestille ulike tacos i små porsjonar, om ein skulle vere berre litt småsvolten eller ønsker å smake ulike variantar. Dette er ein stad vi kjem tilbake til på privaten, utan problem! Nokon med rømmeboks i veska.


Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
Hajhelulal! I needed
Independence 25.12.2016

Hajhelulal! I needed this-youre my savior.

Kommentarer




Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Issho
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Kafe Republik
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024

Overvåket av vakthund.no