Fusgur logo

Tekehtopa

Mars 2014

Tekehtopa

Beliggenhet:   Oslo sentrum
Kategori: Norsk
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 4.004.004.004.004.00
Miljø: 4.004.004.004.004.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Med håp om vår i sikte traska fusgur til Tekehtopa, som nett har skifta eigarar og meny, men held til i dei same historiske omgjevnadane som tidlegare.
MO: Eg er svolten og klar! Blir det forrett? Eller kanskje betre å satse på plass til dessert?
SD: Jeg skal i alle fall ha skrei.
EV: Eg kika på menyen på nett, så eg er litt førebudd.
MO: Det gjorde eg også, utan at det hjalp ... eg vil ha alt!!
SJ: Jag vill ha en riktig köttbit, faktiskt. Tror jag går for biff.
IV: Eg trur eg går for svinenakke ... eller?

SD gjekk for skrei, EV for kjøtpai med oksekjake, MO for svinenakke medan SJ og IV gjekk for éntrecôte med potetgrateng. Vatn var på plass på bordet for lengst, og hyggjelege servitørar svinsa rundt i eit tilnærma fullt lokale.

IV: Er det nokon som har ein ladar til Samsung på seg? Nei?
IV spurde servitøren om dei kunne ha ein ladar på lur, og det hadde dei faktisk. Han kom attende med ein ladar ho fekk låne medan vi var der. Særs hyggjeleg og god service!

MO: Vanka det ikkje ei Michelin-stjerne i lokalet over gangen nyleg?
EV: Ja, drive av ein Sunnmøring. Då må det bli bra. Han driv vel denne staden og.
SD: Det var visst apotek her før. Staselig bygg. Stukkatur i taket og flotte lysekroner. God stemning.
EV: Eg las at St. Olavs plass 2 vart bygd i 1872. Og har blant anna husa Rikshospitalets Apotek i nærmare hundre år.

Etterkvart kom maten. Og det vart fort ganske stille rundt bordet. Kort oppsummert kan vi seie mørt, godt, mykje mat - strålande!

EV: Veit ikkje om eg har smakt oksekjake før. Artig er det at dei bruker øl i maten. Det er som skikkeleg husmannskost, men berre ekstra godt. Dette var ein langkokt og mør kjøtpai, altså.
MO: Det er jo det som er best! Langkok er enkelt å få til, og det blir nesten alltid bra. Korleis var fisken, SD?
SD: Den var helt utrolig god! Jeg klarer faktisk ikke spise opp alt.
SJ: Biffen var god ... jag är METT!
IV: Det er lenge sidan eg åt slike poteter, altså. Nokon som vil ha? Er litt til overs her ...

Trass okking og stønning over store måltid, med tendensar til kollaps, gjekk det kort tid før det vart plass i dessertmagane. 4 stk softice med peanøtt, karamell og sjokolade kom på bordet i små glas med lokk på, medan SD slo til på ein cappucino.

EV: Isen er jo litt for smelta, men det var godt. Ein passe dryg porsjon.
SJ: Jag har mycket choklad igen her.
MO: Eg er glad eg ikkje gjekk for forrett i tillegg ... då måtte vi ha vore her nokre timar til ... Veldig enkel dessert, men alt eg treng: sjokolade og karamell og nøtter og is! Stas!


Karakter: M+
Her kan ein trygt ta med svoltne mannfolk sidan dei serverer romslege porsjonar. Det er ujålete husmannskost, særs god med mørt kjøt og godt behandla fisk, rolex kopi klokker raust med fløyte og smør anar det oss – men det er det som skal til! Prisnivået er det heller ingenting å seie på: under 200 kr for nesten alle rettar. Og dessertar til 59–65 kr. Det var ganske fullt og tildels trongt, med mykje jobb for servitørane. Det er til tider vanskeleg å få oppmerksomheit frå servitørar, og vi måtte også vente litt for å få betale. Men alt i alt, hit kjem vi attende på privat basis!


Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
dating naked
SalomaSaki 22.02.2023

best single sites
online payment sites
date online site
0.000.000.000.000.00
ourtime inloggen
AmberlySaki 18.02.2023

online dating women
free local singles
dating sites in usa
0.000.000.000.000.00
My husband and I wer
Coralyn 26.12.2016

My husband and I were driving home at 8:25pm, this evening, and saw an awesome cuuiuonmmbls (at least that’s what I called it) cloud in the sky. It was pink and blue and amazingly beautiful! It looked like an enormous mountain! We were both so thankful for such an humbling and exhilarating sight to behold!!

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no